Draumen om mormors middag

«Speilegg er ikkje middag, mamma» vil verta ein tilbakelagt kuriositet. No skal eg få høyre den beste og vakraste komplimenten av alle: «Det luktar mormormiddag her!»

IDEALET: «Nei, dei har nok ikkje opplevd krigen», seier mor mi seinare, og skrapar tilfredse barneborn sine halvfulle tallerkar i boset. Middag laga frå grunnen, nøye planlagt, med generasjonar si oppskrift, tenkt og laga med kjærleik, skriv innsendaren. Arkivfoto: Jan M. Lillebø

  • Silje Dæmring Styve
Publisert:

Kva skal eg ha til middag i dag? Dagens viktigaste spørsmål. Eller kanskje eg skal droppe den, verta meir asketisk for å skjøtte sjela? Er det ikkje vel så viktig med sjeleleg påfyll som kroppsleg? «Yogi te» har skjøna dette, og eg hengjer meg på. Les og les på teposelappane: «You have wings, learn to use them.» I går var det «Wake up to your own glory».

Eg startar visst dagane med dette for tida. Tek brennheite slurkar med detox-te, og kjenner kor det retteleg reinskar opp. Samstundes som eg tenkjer på korleis eg skal klare letta, har handa mi gått inn for landing i ostepopposen. Den går så i skytteltrafikk, tilfører palmeolje i høvelege dosar for å balansere. To centimeter opning, ingen merkar slikt før helga kjem.

Då finn truleg dei andre posen, flerra, med ein halv gul pop att. Det røskar litt inni systemet at det griske hjå ei mor kan ta slik altoppslukande styring, men det er jo ikkje før etterpå at ein merkar feitt/sukker/salt-kvalmen. Og det finst sikkert remediar for slike gastrointestinale protestar, så ein kan unngå livsstilsendring.

Gud, så mykje merkeleg me gjer oss med det me fyller på med. Nokre vil back-to-basic med steinaldermat. Nokre vil beyond basics, — attende til spirer, plankton og gras. Eg ser damer la råe egg gli ned med grøn gugge frå blenderen. Eg kjenner ei som må pille ut alle dei kvite flekkane i løkrullen. Eg veit om ein som makulerer ei tørr brødskive som aperitiff før dagens viktigaste måltid, nemleg morgontankar servert med røyk og kaffi på trappa.

Les også

Hver uke lager 11.000 familier middagen hans

Eg orkar ikkje lenger gå inn i tema eller diskusjonar som vedkjem andre snåle greier som lågkarbo, blodtypediettar, piller og proteinpulver. Det er uansett nesten umogeleg å lufte temaet fast og flytande føde, utan at det dukkar opp ein smartass som vil korrigere det du puttar i munnen: Om det er rett eller gale anten politisk, ideologisk, næringsmessig, moralsk, estetisk, helsemessig, historisk, terapeutisk, biologisk, kulturelt eller miljømessig. Alt eg eigentleg vil ha svar på, er kva i svartaste eg skal ha til middag i dag?

Men, kvifor lurar eg? Det er ikkje den ting ein ikkje kan finne oppskrift på, kjøpe og lage. Om ein berre først svelgjer ned at det eigentleg ikkje er slik for alle, sjølv om det kunne vore laga særs mange gratis gourmetrettar av alt som går i boset her i landet.

Det er så mange val, det er så stort utval, det tek slik tid, ein er så mett at ein ikkje veit kva ein har lyst på, det er så strevsamt og det enkle er nok det beste. Hadde det ikkje vore fantastisk om nokon tenkte for deg, ordna opp, handla, bar og la til rette? Så kunne ein berre smokke i hop middagskaka og ta æra for den sjølv?

Fyrst streta eg imot. For noko snobberi! Kven treng Adams matkasse og Godt levert. Eg klarar no vel å handle og lage middag sjølv, og ikkje har eg råd til å blafre med pengane slik heller. Eg nektar å vera ein del av den generasjonen som ikkje vil verta vaksne, tenkte eg.

Men så fekk det modnast med tida, som så mykje anna. Og etter lang tid med reprise— og juksemiddagar, hoppa eg også på kasse-karusellen. Berre for å prøve, altså. Det sa eg. Andre i husstanden rista på hovudet, og håpa i det minste at råvarene kom i anonym emballasje.

Tenk, no kan eg stå å lage salviesteikt sopp, appelsinsaus, og brandad. Det er ikkje vanskeleg i det heile. Om kassemannen er Adam i dette paradiset, så er eg Eva. For ei matglede, for ein inspirasjon. «Speilegg er ikkje middag, mamma» vil verta ein tilbakelagt kuriositet. No kan eg få høyre det beste og vakraste komplimenten av alle: «Det luktar mormormiddag her!» Men kan ting verte litt for enkelt? Kan det å ta æra for noko ein eigentleg ikkje kan ta æra for, smake beiskt etter kvart?

Etter lang tid med reprise- og juksemiddagar, hoppa eg også på kasse-karusellen.

Adams disiplar ringde forresten på døra hjå denne mormora. Det var så mange grannar dei leverte til, kunne dette vera noko for ho også? Dei var påståelege nok til å ikkje skjøne kven dei eigentleg snakka med.

Dama har laga mat sidan ho var fire år. Ho dyrkar og haustar, saftar og syltar, parterer, saltar og røykjer, bakar og steikjer, kokar, frys og tørkar. Ho veit at ein slaktar ikkje er det same som ein PT, ho lagar pølser av blod. Og ikkje minst, så har ho gått på husmorskule der dei mellom anna pussa egg med sandpapir.

Kassefolka gav seg ikkje så lett i forsøket på frelse. «Eg kan såpass om kosthald at eg klarar setje saman middagar sjølv», fekk dei høyre. Dei trekte ikkje retrett før ho sa; «De skal vite det, at de hadde vore svært heldige om de berre hadde hatt meg med i bedrifta dykkar!» Då kunne ho lukke døra.

Eg vil strekkje ut mine husmorgenar, vifte med gammal og god oppskrift

«Nei, dei har nok ikkje opplevd krigen», seier mor mi seinare, og skrapar tilfredse barneborn sine halvfulle tallerkar i boset. Middag laga frå grunnen, nøye planlagt, med generasjonar si oppskrift, tenkt og laga med kjærleik. Biodunken kan gle seg over å få gjære eit meisterleg måltid. Dette skulle ho visst då ho som lita jente, truleg underernært, sneik seg inn på kammerset for å styrte ei flaske med tran.

Dagen gryr her eg står på kjøkenet. På tide å gripe den medan eg er i oppdrift. Eg vil strekkje ut mine husmorgenar, vifte med gammal og god oppskrift, fyke til butikken for å sanke, sveve med varene oppover trappene, kokkelere med kvikke vengjeslag og grasiøse svalestup over pannene. Eg skal nok krydre med både fornuft og kjensler, få det til å lukte heimelaga mamma-middag langt nedover gata!

Fyrst skal eg berre ete opp ostepop-frukosten og holke i meg endå ein kopp med detox-te. Hei, vent! Kva står det på denne teposen? Ha! Til all lukke: «Protect yourself from your own thoughts!» Mogeleg eg heller tek ein svipp bort til den mormora i dag. Tenkjer eg seier slik i halv fire tida. Tek med meg tre svoltne og ei notatbok.

Innlegget blei fyrst publisert på https://siljeharviljedotcom.wordpress.com/

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg