Sogn og Fjordane kan ikkje vere eit verna reservat

Å ta offensive grep er viktigare enn berre å stampe i bakken.

Publisert: Publisert:

TRIVSELSFYLKET: Vi har både tru og tillit til at vi kan hevde oss saman med distrikta i Hordaland og motoren Bergen, skriv Trude Brosvik (KrF). Foto: Marita Aarekol (arkiv)

Debattinnlegg

Trude Brosvik
Fylkesordførarkandidat for KrF

Jens Kihl er ein glimrande kommentator i BT. Eg likar å lese det han skriv, men det betyr ikkje at eg alltid er einig. Sist veke teikna han eit dystert framtidsbilete for kva som kunne skje for Sogn og Fjordane når det nye fylket Vestland blir etablert.

Veikskapen er at han ikkje nyttar nokon setningar på kva som kunne skje dersom vi tok «Sp-valet» og ikkje gjorde noko. Kanskje fordi han veit at det ikkje er eit alternativ?

Sogn og Fjordane kan ikkje vere eit verna reservat, der byfolk og utlendingar skal koma til hytta si eller på besøk for å sjå korleis ein levde i «gamle dagar». Slik har det aldri vore. Styrken til Sogn og Fjordane har vore at ein har utnytta natur og andre føremoner til å skape arbeidsplassar og levegrunnlag.

Kulturen har teke vare på tradisjonar og særpreg, samtidig som ein har makta å fornye seg og ønskje verda velkomen, slik til dømes Førde Internasjonale folkemusikkfestival og United World College i Fjaler, og ikkje minst industrien vår, er gode døme på.

Vi ser på Høgskulen på Vestlandet si samling som styrking, og ein sjanse for utvikling, fleire studieplassar lokalt og tettare samarbeid mellom næringsliv, offentlege arbeidsplassar og forsking. Vi har både tru og tillit til at vi kan hevde oss saman med distrikta i Hordaland og motoren Bergen.

REGIONREFORM: Trude Brosvik innrømmer at Vestland fylke ikkje var eit enkelt val. Foto: Ole Stian Jorgensen

For dei fleste av oss har alltid Bergen vore byen vår. La gå at dei somme tider kan verke noko høglydte og brautande. Men «halvparten av dei ættar frå Sogn og hi halva har hatt ammer frå Sunnfjord».

Noko av grunnen til vantande opprør ligg truleg i at vi ikkje har identitet som «Sogn og Fjording», men som sogning, sunnfjording og nordfjording. Og dei sterke røystene på kysten av fylket, som ofte ropar høgt fordi dei er vande til motvind, ser koplinga mot livskraftige kystområde i sør som ein sjanse for utvikling og vekst, meir enn ein trugsel.

Les også

No blir framtidsfylket fortid

Det er sant at NRK Sogn og Fjordane har vore svært viktig for fylket vårt. Derfor vil vi kjempe sterkt for å halde på kontoret og for ikkje å bli slukt av Bergen. Den kampen har vi vunne før!

Samtid har NRK endra rolla si, og dei må også bevise at dei ikkje berre driv med tomprat og platespeling, bestemt frå Oslo. Ein god lokalradio vil vere viktig for det nye fylket, og då må NRK ha dyktige folk ved fleire distriktskontor. I Førde har dei i tillegg den viktige tenesta å utdanne nynorskjournalistar.

Så skal eg ærleg innrømme at Vestland ikkje var eit enkelt val, og at lysta var å halde fram som eige fylke. Men i ein situasjon der fleirtalet på Stortinget hadde bestemt regionreform, og vårt fylke, med vel 110.000 innbyggarar, i fleire sine hovud låg klar til å bli delt mellom Hordaland og Møre, så er det å ta offensive grep for å vere med å styre viktigare enn berre å stampe i bakken.

Derfor har fylket fått relativt god utteljing i intensjonsplanen, og vi ser at Vestland kan bli ei sterk motkraft mot Oslo og det sentrale austlandet når det gjeld fordeling av både oppgåver og midlar.

Då er det viktig at også stortingsfolka frå Vestland lærer seg å jobbe som Sogn og Fjordane-benken. Lytte til lokale folkevalde i kommunar og fylke og stå saman om det viktige!

Det er det som fører til siger. Der er eg heilt samd med Jens Kihl.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg