«Influenser», kva er det eigentleg?

DEBATT: «Influenser» er av dei verre framandorda som har snike seg inn i det norske vokabularet. Eg kjenner at eg får feber!

Publisert: Publisert:

NUMMER 1: Her har TV-kjendisen Kim Kardashian West vunne ein influenser-pris i New York. Men kva tyder det eigentleg å vere «influenser»? Evan Agostini/Invision/AP

Debattinnlegg

Britt Marie Skaflestad
Bergen

Vi lever i ei tid der kjende fjes av ulike slag blir grundig massert av økonomiske interessentar, medan resten av oss kjenner at vi bryggjer på ubehag.

Kvar dag bombarderes vi med informasjon om kva som er sexy, pent, kult, viktig, teit, rett og feil. Slik er det i våre moderne tider, dette er noko vi er nøydde til å takle.

Det er dessutan verre når informasjonen kjem frå dei som i tillegg smykkar seg med tittelen «influenser». Tittelen tilseier at det er ei sanning at vi skal bli påverka av det desse utvalde menneska melder.

Les også

Anneli Bush sa opp jobben for å leve av Instagram i London: – Beste beslutningen jeg har tatt.

Britt Marie Skaflestad Privat

Ein influenser har eit visst tal følgjarar og fans eller har oppnådd ein type rang/autoritet som dermed gir dei (per definisjon) påverknadskraft.

Eg forstår ikkje denne tittelen. Det er sjølvskrive at f.eks. personar som har mange følgjarar i sosiale medium har stor påverknadskraft. Matematikk tilseier dette nettopp fordi ein viss prosent av folket følgjer dei. Men kva skal denne tituleringa vere godt for? Kva skal det gi av verdi?

For meg står dette sjølvsagt fram som eit nøye planlagt konsept for å auke talet på fans ytterlegare og dermed gi dei økonomiske interessentane endå meir å klappe for.

Eg blir uvel over at ein bloggar, ein artist, ein komikar eller kva det skulle vere blir kalla «influenser». Kall ein spade for ein spade!

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg