Me har ikkje råd til å gløyme 22. juli

Eg var tolv år då terroren råka Noreg. Åra som har gått etterpå, har eg brukt på å leve. Slik dei skulle gjort.

Publisert: Publisert:

STÅ SAMAN: Me har blitt minna på det kvart år sidan 2011, og me har ikkje råd til å gløyme det i år heller: me må stå saman, skriv Ida Johanne Aadland. Foto: Håvard Bjelland (arkiv)

Debattinnlegg

Ida Johanne Aadland

Det er åtte år sidan eg sat i bilen utanfor Coop Extra i Åsane med pappa.

«Ei bombe har gått av i Oslo», sa dei på radioen.

«Jaja», tenkte eg, bygdejenta som trudde slikt var kvardagskost i hovudstaden.

Me køyrde heim og tenkte ikkje stort meir på det. Ikkje eg iallfall.

Då eg la meg den kvelden stod det «to personar stadfesta omkomne» i feltet nedst på tv-en. Då eg vakna stod det 70.

«Eg håpar så inderleg det er ein nordmann som har gjort det», hugsar eg mamma sa.

Og det var det: ein kvit, norsk mann, 32 år gamal, oppvaksen på Oslo vest.

Eg var glad for det den gongen, og endå meir glad for det i dag, etter å gong på gong ha sett korleis etnisiteten til éin person kan fôre fordommar og uriktige skuldingar mot heile grupper.

22. juli 2011 var eg tolv år gamal, snart tretten. Like liten, barnsleg og ung som mange av dei som sprang for livet. Eitt år yngre enn dei yngste som tapte kappløpet mot kulene. Alt for liten til å forstå og sjå det store hatet, den enorme sorga.

Dei åtte åra som har gått har eg brukt på å leve.

På å fullføre ungdomsskulen, vidaregåande og litt til.

På å få min første sommarjobb.

Min første kjærast.

Min første tatovering.

22. JULI: I natt brukte eg tida mi på å google Utøya, skriv Inger Johanne Aadland (20) frå Samnanger. Foto: Bent Are Iversen

Eg har flytta på hybel, kome i puberteten, smakt alkohol for første gong, hatt kjærleikssorg, lært meg å like kaffi, feira 13-årsdagar, 14-årsdagar, 18-årsdagar, 20-årsdagar.

Alt det dei òg skulle ha gjort, men aldri fekk tid til.

Fordi han bestemte at det skulle vere slik.

Fordi han stoppa klokka deira.

I natt brukte eg tida mi på å google Utøya.

Eg kom inn på ein Wikipedia-statistikk. 33 omkomne under 18 år, stod det.

Gjennomsnittleg alder: 21,8.

Median alder: 18.

Fornamn: Mona, Ismail, Thomas, Porntip, Mondupe, Lene, Kevin, Trond, Sverre, Torjus, Carina. Og så vidare, lista er lang. Alt for lang.

77 fødselsdatoar, éin dødsdato.

Eg kjende ingen av dei som døydde i regjeringskvartalet eller på Utøya, men eg kjenner det i magen kvar gong eg køyrer forbi avkøyringa til Utøya og Sundvolden Hotell.

Kvar gong tenkjer eg at eg ikkje veit korleis me stoppar høgreekstreme, ventreradikale, terroristar og massemordarar. At eg ikkje veit korleis me unngår at det skjer igjen.

Heldigvis er dei fleste einige om at det er riv ruskande gale å gå i land på ei øy og skyte politisk engasjerte ungdomar. Men ikkje alle.

Derfor må me heie på det motsette, på demokratiet.

Derfor må me våge å løfte handa og seie stopp når nokon er urettferdige.

Derfor må me stemme 9. september.

Derfor må «kva stemmer du» ikkje vere eit tabu tema, men ein invitasjon til samtale og kontrollert ueinigheit.

Me har blitt minna på det kvart år sidan 2011, og me har ikkje råd til å gløyme det i år heller: me må stå saman.

Berre saman kan me sleppe å måtte lage fleire Wikipedia-statistikkar.

Saman kan me invitere til harde og strie, men kontrollerte og respektfulle diskusjonar.

Saman kan me velje å bruke tida vår på å få til eit fellesskap.

Saman kan me tenkje, føle, lytte og påverke.

Men berre saman.

Dette innlegget vart først publisert på framtida.no og Facebook.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg