Leverer Venstre klimakutt?

Dette er Venstre si hovudoppgåve i regjering.

TILSVAR: Statssekretær Sveinung Rotevatn svarer på kritikken frå BT-kommentator Jens Kihl. Vidar Ruud / NTB scanpix

Debattinnlegg

Sveinung Rotevatn
Statssekretær (V)

Klimagassutslepp i Noreg gjekk opp med 0,4 prosent i 2018. Kommentator Jens Kihl meiner dette er «den mest råkande dommen over Venstres fyrste år i regjering» og spør: «Kva skal Noreg med klimaparti som ikkje leverer?»

Det er opplagt ikkje bra at utsleppa går opp. Og det illustrerer til fulle at ting ikkje skjer av seg sjølv. Når det er sagt, er det behov for å nyansere den knusande dommen frå BTs kommentator. For, som han sjølv skriv, Venstre har vore med på å lage statsbudsjett og utforme politikk sidan førre stortingsperiode.

Og utsleppa i Noreg gjekk ned både i 2016 (-0,9 prosent) og 2017 (-1,6 prosent). Utsleppsnedgangen i 2017 var nok kunstig stor, sidan innblandinga av palmeolje i norsk drivstoff var på heile 317 millionar liter. Det kuttar rett nok norske utslepp, men bidreg til regnskogreduksjon andre stadar i verda.

Les også

BT-kommentator Jens Kihl: «Kva skal Noreg med klimaparti som ikkje leverer?»

Dette har regjeringa tatt på alvor, og bruken av palmeolje er redusert med 2/3 – til 93 millionar liter – i 2018. Dette er ein ønska politikk, som likevel isolert sett bidrog til at norske utslepp justerte seg opp igjen med 0,4 prosent.

Dette er inga unnskyldning. Men ei forklaring. I sum er norske klimagassutslepp redusert med 1,5 millionar tonn CO₂-ekvivalentar (3 prosent) sidan 2015. Samanlikna med toppåret 2007 er utsleppa no 7 prosent lågare.

Vi må likevel gjere mykje meir. Bruken av avansert (berekraftig) biodrivstoff auka med 40 prosent i fjor, og er no dobbelt så stor som bruken av palmeolje. Så biodrivstoffsatsinga er i høgste grad på rett kurs.

Og frå 1. januar neste år innfører regjeringa krav om innblanding også i flydrivstoff.

Vi har eit større sal av elbilar enn noko anna land, for tida rundt 50 prosent, som for alvor vil merkast i utsleppsstatistikken i åra framover. Salet av petroleumsprodukt har så langt i år gått ned med rundt 7 prosent.

Ein av sektorane der utsleppa auka i 2018, er skipsfart. Men dei næraste åra vil 80 null- og lågutsleppsferjer bli sette inn i teneste. Snart legg også regjeringa fram sin handlingsplan for grøn skipsfart.

Ein annan sektor der utsleppa gjekk opp, er bygg og anlegg. Difor jobbar regjeringa med eit mål å gjere norske bygg- og anleggsplassar fossilfrie innan 2025, og vi har varsla eit forbod mot bruk av mineralolje til byggtørk og byggvarme.

BT ber på leiarplass regjeringa om to tiltak for å kutte utslepp: Støtte til karbonfangst- og lagring (CCS), og støtte til havvind. Ingen av tiltaka vil ha effekt på norske utslepp på mange år. Men er likevel viktige.

Når det gjeld CCS, har vi full driv framover – og har bedt Stortinget om ei løyving på 345 millionar kroner til å starte boringa av ein brønn for dette allereie i år.

Når det gjeld havvind, har vi auka opp løyvingane til statsføretaket Enova så kraftig at dei no har økonomisk handlingsrom til å støtte prosjekt som Equinor si havvind-satsing på Tampen, dersom dei meiner dette vil bidra til klimakutt og teknologiutvikling.

Regjeringa jobbar på brei front. Innsatsen for å kutte utslepp må forsterkast dei komande åra. Ingen skal vere i tvil om at dette er Venstre si hovudoppgåve i regjering. Og vi må lukkast.

Ikkje av omsyn til Venstre, men av omsyn til klimaet.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg