Kva vi kan gjere med bompengane

DEBATT: Det har vore mykje skriving om kva vi i FNB Bergen kan gjera – og ikkje gjera, seinast i BT kommentaren «Så lite får han gjort med bompengane».

Publisert: Publisert:

OMSTRIDDE BOMMAR: Innsendaren vil mellom anna setja ein strek over Bybanen til Åsane. Slik skal behovet for bompengar verte mindre. Foto: Ørjan Deisz

Debattinnlegg

Nils Haugland
Folkeaksjonen nei til mer bompenger – Bergen

Vi har ikkje noko imot at BT i dette høvet meiner noko, men håpar at avisa som ein god og viktig samfunnsaktør også set eit liknande kritisk søkjelys på alle involverte aktørar, medrekna dei som pr. dags dato sit med makta.

BT hevdar her at 11 milliardar kroner må betalast. Vi ser ikkje heilt korleis dette reknestykket er laga til, men ser at rekninga frå dagens byråd med Ap, KrF og Venstre lyder på 20 milliardar. I kvardagen til folk vil ei fjerning av den ytre bomringen kunne opplevast som ei «massiv» forbetring i levekåra.

Les også

Les også BT-artikkelen som innsenderen skriver om: «Så lite får han gjort med bompengane»

1: «Bomringen har stor gjeld». Vi er heilt einige med BT om dette. Gjelda er stor, og den skal betalast. Fylket har heldigvis sagt stopp for nye låneopptak.

2: «Bybanen til Fyllingsdalen er komen for langt». Kanskje vi er einige her også, men i ei anna tyding. Når ein ikkje tek seg tid til å venta på inntektene, er det freistande å låna pengane. Dette kostar oss alle no dyrt. Når inntektene ikkje strekker til, er det ansvarleg å vurdera det som finst av innsparingar.

BT seier vidare at å stoppa bygginga no vil gjera at store summar går til spille. Vi seier at det må vera nytten av dei pengane som endå ikkje er lagt ut, som må vera avgjerande. Og nytteverdien av Bybanen for dei som bur i Fyllingsdalen har aldri vore særleg stor.

Om bompengane seier BT vidare at «for å få til reduksjon, må alle framtidige prosjekt i byen stoppast». Dette vil vi hevda er ei urimeleg formulering. Alle reduksjonar i noverande og framtidige prosjekt vil redusera behovet for bompengar. Den første reduksjonen vår vil nok vera å setja ein strek over Bybanen til Åsane.

3: «Politikarane i Bergen kan ikkje gjera kva dei vil». Vi er også einige i denne overskrifta, men når vi ser på dei seinaste åra, er vi usikre på om det alltid har vore tilfelle. Byvekstavtalen er overmoden for reforhandling, til det betre for både byen vår, miljøet og for alle oss som bur her. Det vil også gjera det mogeleg å redusera den store økonomiske belastninga som det nye fylket vårt vert tynga ned med.

4. «Pengane kan truleg ikkje brukast på veg». Her er vi ikkje einige med BT. Staten ynskjer som oss gode samferdselsløysingar som gir oss gode levevilkår, og som òg er effektive for miljøet vårt. Dagens løysingar gjer ikkje det. Vi ser derfor optimistisk på kva som er mogeleg å få til i eit godt samarbeid mellom dei involverte partane.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg