Er det ingen vaksne på jobb?

To millionar til russen er ein midtfinger til meg som underviser i vidaregåande skule.

Vestland fylkeskommune har vedtatt å setja av to millionar kroner for å gi bergensrussen ein plass å samlast. Biletet er frå Hordnesskogen i 2021.
  • Odd Bendik Melve
    Lektor ved Askøy videregående skole
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Les også

Ny skrivekonkurranse i BT: «Det ellevte bud»

Vestland fylkeskommune, på initiativ frå opplæringsdirektør Bjørn Lyngedal, vedtok tysdag 14. mars å setja av to millionar kroner slik at avgangselevar kan få festa i tre veker før eksamen.

Kvifor det vart to millionar og ikkje fire, seier vedtaket ingenting om, men det er stor grunn til å retta eit kritisk blikk på korleis fylkespolitikarane kan verta ført og forført til å vedta noko så idiotisk. Eg trur ikkje politikarane aner kva for ein midtfinger det er til meg som underviser i den vidaregåande skulen, og eg trur ikkje opplæringsdirektør Lyngedal bryr seg.

Det er humor når over 70 år gamle Åsmund Berthelsen frå SV i utvalsmøtet må greia ut om kva «russekro» er for noko, men det er ikkje morosamt. Det er sikkert ein politisk seier når Pauline Tomren frå MDG går inn for forslaget med ekstraforslaget om at det må tenkast på boss-spann og kjeldesortering, gratulerer!

Eg treng ein opplæringsdirektør som brenn for skulen, ikkje ein fest-tilretteleggjar, skriv Odd Bendik Melve.

Kva vil opplæringsdirektøren og opplæringsavdelinga med dei vidaregåande skulane i fylket? Kvar er de? Den førre regjeringa konstruerte selskapet «nye veier» for å effektivisera vegbygginga i Noreg, men her ser det ut som om opplæringsdirektøren har kome på festselskapet «på ville vegar!»

Er det eit nikk attende til sin gamle arbeidsplass og kjerneelvar frå stramt møblerte heimar i Bergen Sør som gjer at han arbeider så iherdig for å vera fest-tilretteleggjar? Kvar gjekk det gale når ein høgt gasjert direktør for opplæring ser på det som si fremste oppgåve å nytta fellesskapet sine pengar for å leggja til rette for private festar?

Det arbeider då plenty med personar i opplæringsavdelinga, men er det verkeleg ingen som har gjeve beskjed om at ein ikkje berre er på veg i feil retning, men at dette er ei total avsporing av kva ein skal driva med?

Burde ikkje opplæringsdirektør Lyngedal nytta tida si på å arbeida for best mogeleg fagleg tilbod i dei offentlege vidaregåande skulane i heile fylket, i staden for å gå tur i Hordnesskogen for å leita etter beste mogeleg plass å parkera russebussane til bergensrussen?

Burde ikkje Lyngedal nytta all sin energi på å få politikarane til å satsa på å utvikla skulen, og ikkje vera fest-mesen for 19-åringar? Kvar i irrgangane på det nye fylkesbygget var det du gjekk deg vill?

Opplæringsdirektøren vil gje russen ein plass her, ved steindeponiet i Hordnesskogen.

Viss du har eit så stort engasjement for villfarne ungdommar, så føreslår eg at du heller melder deg som natteramn, at du arbeider i utekontakten, eller at du startar ungdomsklubb. Du kan melda deg som støttekontakt, eller høyra om det er nokon som arbeider med ungdom som treng ditt engasjement. Det er mange mogelegheiter for å bidra til trygg og god russefeiring, men at ein nyttar ei direktørstilling i det offentlege til dette, kan eg ikkje sjå ligg i mandatet.

Eg treng ein opplæringsdirektør som brenn for skulen og det offentlege skuletilbodet, ein som bruker all sin tyngde til å bidra til best mogeleg faglege løft ute i skulane. Kollegaane mine treng ein opplæringsdirektør som er i spiss for å laga det beste mogelege tilbodet til ungdommar i heile fylket. Foreldra treng ein opplæringsdirektør som nyttar all sin energi på dei offentlege, vidaregåande skulane frå Måløy til Bømlo, og at desse skulane er attraktive arbeidsplassar for høgt utdanna lærarar som brenn for faga sine.

Førre kvelden gjekk eg ein tur forbi det nye fylkesbygget, medan eg grunna på om det er ei framtid for meg som fagleg kompetent undervisar i den vidaregåande skulen. Ved å kasta eit blikk opp på nybygget var det lett å sjå at lyset var på, men at det neppe var nokon heime.

Bør fylket tilretteleggje for russen?

Publisert: