Alle ror me i forskjellig vêr
Kanskje kan du ta dei tunge taka saman med dei som slit?
- Marit Kvamme-VikLeknes

Nokon ror sin båt på stille sjø.
Då slepp dei å bruka alle krefter på å komma seg på fram. Dei glir lett og smidig til målet med lette åretak, utan for mykje slit.
Andre ror i motstraum. Dei må bruka meir av kreftene sine for å komma i mål. Dei må fokusera for å halda kursen. Å navigera seg fram med tunge åretak – det er strevsamt. Tungt.
For nokon ligg skodda tjukt over vatnet dei ror på. Dei ser ikkje noko rundt seg. Fortvilande og skremmande kan det væra. Ei kjensle av å ikkje ha kontroll over kvar ein styrer.
Er dei heldige, har dei kompass om bord, som kan visa dei kvar dei kan komma trygt i land. Eller dei må styra båten så best dei kan – til skodda lettar, og dei atter kan sjå klart.
Dei som må ta dei tyngste åretaka, er dei som ror i storm. Åretak som dei brukar alle sine krefter på, vert fånyttes. Båten føl bølgjene, og siglar der bølgjene ber den.
For dei gjeld det å halda seg flytande gjennom stormen. Å halda seg fast. Det handlar om å ikkje ramla ut av båten, og hamna på botnen. Det gjeld å halda seg om bord – til stormen løyer, og ein kan komma seg trygt i land.
Ja, alle ror me i forskjellig vêr.
Men hugs at vêret kan skifta fort. Sjølv om du ror på stille vatten, så kan det brått snu til storm. Og omvendt. Slik er det for oss alle.
Kanskje du veit om nokon som ror i motstraum, skodde eller storm. Då er det fint å væra den som tar i, og avløyser den som ror, med å ta dei tunge åretaka saman med dei. Eller å væra den som kastar ut ei livbøye, og dreg dei trygt i hamn.