Barn er ikkje skapt for å sitte stille

Tenk at barn må gå minst ti år på skulen før dei får velje fag sjølve.

Om ein ikkje meistrar å sitte stille, har ein i stor grad allereie tapt på skulen, skriv innsendaren.
  • Karina Høvik
    Leknes i Alver kommune
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Då eldstemann var tre år, så spurde han kva skule var. Eg svarte at på skulen skal ein lære å skrive, lese og rekne med tal.

Eg minnest endå det håpefulle blikket då han såg på meg og sa: «Og å fly?» Eg lo av dette spørsmålet og rista på hovudet. Guten min følgjer opp med: «Kvifor ikkje?»

Eg har tenkt på denne vesle samtalen fleire gonger opp igjennom åra. Kor fantastisk barn sine kreative hjernar er! Så uredde. Eg hadde ikkje hjarte til å fortelje den dagen at skulekvardagen nok blir det motsette av å fly.

Karina Høvik

På skulen er det første ein lærer, at ein må lande, og ein skal lande med rumpa på ein stol. Der må ein sitte stille. Om ein ikkje meistrar dette, så har ein i stor grad allereie tapt. Dette gjer ingen meinig for meg.

Våre hjernar og rumper var aldri skapt for å sitte stille. Rumpene våre er laga for at me skal bevege oss, og slik gje hjernen konstant oversikt over kva som går føre seg rundt oss. Bevegelse er ein måte å møte omverda på og gje den meining.

Så kvifor blir då desse fantastiske, kreative og innovative barna plassert på stoler i klasserom? Nokon treng å bevege seg for å tenke klarare og lære betre. Kvifor får dei ikkje mogelegheit til det?

Les også

Lærer: Timeplanen til en seksåring er til å gråte av

Dagens skule med instruksjonar og rammer har nokon barn store vanskar med å forholda seg til. Dei vert kalla umotiverte. Det er stor fokus på om dei har det forventa kunnskapsnivået og kor stor eller liten innsats dei legg ned, men lite fokus på kva dei faktisk lærer og om dette er meiningsfullt for dei. Tenk at barn må gå minst ti år på skulen før dei er i nærleik av å få velje fag sjølve.

For å ta ei samanlikning: Eg jobbar i helsevesenet. Når me skal følgje opp pasientar i eit rehabiliteringsforløp, så er pasientens motivasjon omtrent det viktigaste å fange opp.

Så legg me opp eit skreddarsydd opplegg for at denne personen skal oppleve meistring. Dette kallast kartlegging. Tenk kor mange skuleelevar som kunne kjent på meistring, om ein hadde kartlagt deira motivasjon i forkant og faktisk tilrettelagd undervisninga deretter?

Kva er ditt inntrykk av første klasse på barneskulen?

Opplæringslova seier at undervisninga skal tilpassast evnene og føresetnadene til kvar enkelt elev. Men korleis er det mogeleg utan kartlegging? Og kva med motivasjon – det viktigaste som driv oss menneske til å oppnå mål? Kvifor vert ikkje det prioritert betre?

Barn er svært forskjellige, på same måte som mine pasientar er forskjellige. Ein kan difor aldri forvente at same opplegg vil passe alle. Så kvifor har ein desse fastgrodde forventningane i skulen?

At det er ressursmangel i skulehelsetenesta, er dei fleste smerteleg klare over, men å legge inn tid til ei grundig kartlegging i forkant vil etter mi meining ikkje krevje dei store ressursane for skulen. Å kunne planlegge for eksempel for meir uteundervisning og bruk av kroppsleg erfaring i alle fag må vel også kunne vere mogeleg.

På lengre sikt vil ein kanskje bruke mindre ressursar på brannsløkking for dei mange «umotiverte» barna og gje dei overarbeidde lærarane meir rom til å behalde oversikt over alle elevane.

Les også

Har man krav på fri fra jobb når det er streik i barnehage eller skole?

I ein foreldresamtale siste året guten min gjekk i barnehagen, fekk eg høyre kor fantastisk kreativ, aktiv og fantasifullt barnet mitt var. Rett og slett kjempegod på å leike. Dette blei framstilt som positive eigenskapar.

Året etter på foreldresamtalen i 1. klasse blei dei same eigenskapane sett på i eit negativt lys. Min frykt er at mange geniale, kreative talent går til spille fordi dei ikkje blir forstått, høyrt eller sett i sin skulekvardag. Dei tinga dei er gode på, passar ikkje inn i skulens rammer, og desse vil etter kvart mista trua på sine eigne evner.

Me førebur barn på ei framtid ingen kjenner til, difor er dei nøydde til å vere i stand til å bruke kreativiteten og våge å ta feil. Korleis skal ein elles klare å sjå nye løysingar og finne på noko nytt?

Ved å kartlegge barns motivasjon og føresetnader betre i skulen, kan ein på sikt hindre at samfunnet går glipp av fleire potensielle verdifulle ressursar.

Publisert: