Kvifor har eg tenkt at alle bryr seg?
Heile livet mitt har eg brydd meg veldig mykje om kva folk tenker om kva eg gjer. Det er det slutt på no.
- Gunhild HaustveitBergen

Eg har nyleg hatt ein liten livskrise. Han eg planla å dele livet med, dumpa meg. De tenker vel at dette er augneblinken der noko gjekk opp for meg. Men nei, eg klamra meg til forholdet lenge etter det eigentleg vart slutt. Det tok ganske mange augneblikk før det gjekk opp for meg at eg var singel.
Eg var jo fri. Eg skulle finne meg sjølv. Det var ikkje lenger nokon som heldt meg tilbake. Eg kunne gjere kva eg ville! Eg var på nippet til å farge håret grønt og ta septumpiercing, men stoppa meg sjølv. Kva ville folk seie, liksom? Eg tok helixpiercing i staden då. Det er ikkje like «badass», men det får gå.
Eg måtte gjere ting. Eg kunne ikkje berre vera heime. Eg trengde å kome meg vekk. Eg ville reise ein plass der ingen kjente meg, men midt i «disse koronatider» vart dette litt vanskeleg. Eg har vennar i Sveits, så eg reiste på besøk til dei. Eg kunne nesten ikkje gjere noko når eg var der, for det var jo verre lockdown der nede enn heime i Noreg, men eg var i Sveits.
Eg har aldri tenkt at du får privilegium av å ha kjærleikssorg, men det gjer du altså. Det var ingen problem å få fri frå jobb, og vennane mine i Sveits tok imot meg med opne armar.
Turen var super, og då eg kom tilbake, var livet lettare. Kjærleikssorga byrja å sleppe, og eg levde eit nokså lykkeleg liv. Eg var mykje med vennar, blei kjent med nye folk og byrja å få livet på stell igjen.
De kan sikkert gjette kva som skjedde då eg endeleg hadde fått det bra som singel. Eksen min kom tilbake til meg. No trur de vel konklusjonen blir: «No ville eg ikkje ha han tilbake, fordi det hadde gått opp for meg at eg var lykkelegare aleine», men det stemmer nok ikkje. Det som skjedde, er ikkje så klisjé. Eg hadde framleis kjensler for han.
Det at han kom tilbake, var vanskeleg, kanskje vanskelegare enn brotet. Då han dumpa meg, var det hans val, men no var det plutseleg mitt val om me skulle vera i lag eller ikkje. Alle rundt meg hadde høyrt meg snakke om kor fæl han var, og at eg aldri ville sjå han igjen. Det ville vera så flautt å gå tilbake på dette.
2022 – eit år for kjærleik?
Men det var jo løgn. Eg ville vera i lag med han. Eg følte meg dratt mellom kva eg ville og kva eg trudde alle andre meinte eg burde, og midt oppi dette gjekk det opp for meg: Folk bryr seg eigentleg ikkje om kva eg driv med.
Ingen brydde seg då eg tok piercing eller då eg flykta til Sveits. Dei hadde sikkert ikkje brydd seg om eg tok septumpiercing eller farga håret grønt heller.
Så kvifor skulle folk bry seg om eg vart i lag med eksen min eller ikkje? Folk flest har nok med sine eigne liv. Så valet skulle vera mitt. Det skulle ikkje vera prega av kva eg trudde folk ville seie om meg.
Heile livet mitt har eg brydd meg veldig mykje om kva folk tenker om kva eg gjer. Det er det slutt på no. Altså, eg bryr meg fint lite om kva andre driv med, så sant det ikkje påverkar meg direkte. Så kvifor har eg då tenkt at alle bryr seg så mykje om kva eg gjer? Eg er ikkje Beyoncé, liksom. Eg er ikkje så interessant. Mine nærmaste bryr seg nok litt, men dei vil jo berre at eg skal vera lykkeleg. Og kva andre tenker om meg, betyr faktisk ingenting.
Eg lurar på om eg ein dag vert glad for at eg gjekk gjennom dette. Du lærer litt av ei livskrise, altså. Og kven veit? Kanskje me kan bygge eit betre forhold på andre forsøk? Eg skal ikkje late som om alt er perfekt mellom oss, men me prøver å finne ut av ting. No håpar eg berre på å vinne litt pengar, slik at me får råd til parterapi.