Ta folks identitet på alvor

Kva skal vi kalle oss i det nye fylket?

Publisert Publisert

NY TID: Desse skilta, laga hos Euroskilt i Vik, er på veg opp over heile nye Vestland fylke. Foto: Anders Lillesvangstu

Debattinnlegg

  • Erik Sølvberg
    Stryn
  1. Leserne mener

Eg var sikker på at alt ville roe seg då rogalendingane sa frå om at dei ikkje ville vere med. Eg kjende meg dessutan trygg på at dei røynde politikarane i dei to fylka våre etter kvart kom til å gjennomskue snakket om nye oppgåver, robuste einingar og betre tenester. Men mest av alt om visjonen om eit sterkare lokaldemokrati.

Stor blei derfor mi undring då det gjekk opp for meg at slik skulle det ikkje gå. Våre fremste lokalt folkevalde trudde tydelegvis så sterkt på det som blei lova frå Oslo, at dei ikkje fann det nødvendig å spørje oss som det heile handlar om – innbyggarane.

Dei må truleg ha meint at «dette store som skulle skje» var så velsigna at til dømes ei enkel rådgjevande folkerøysting berre ville bli eit unødvendig heft på den strake vegen, eller rett og slett ei unødvendig utgift? Pengar som betre kunne investerast i t.d. meir robuste vidaregåande skular?

Eller kanskje torde dei ikkje? Kanskje frykta dei at vi som utgjer folk flest mangla den innsikta som var nødvendig for å kunne nå fram til mogne, ansvarlege, framtidsretta standpunkt? Vi som i festtalane rett nok blir hylla som kjernen i demokratiet.

Erik Sølvberg Foto: Privat

Vi, som utgjer denne kjernen, skulle sjølvsagt ha reagert straks vi oppdaga at våre folkevalde var meir opptatt av å lytte oppover enn nedover. Vi skulle ha vore vakne, vi burde ha forstått at også i vår vesle ultrademokratiske idyll kan det oppstå ein uheldig avstand mellom veljarane og dei valde, mellom dei styrte og dei styrande. Eller som det heiter om tilstanden i store delar av Europa: Mellom elitar og folk.

Dette er å ta i, seier du kanskje. Det er nok det. Og godt er det. Slike dimensjonar har ikkje denne problematikken hos oss. Ikkje i denne saka, i alle fall. Likevel: Demokratiet er ei styreform vi må kjempe for kvar dag, den er ingen tilstand som vi har oppnådd ein gong for alle. Det er det eine.

Det andre er at saka var ikkje lita. Ikkje for meg. For meg handla det om identitet. Identitet handlar om å bli tatt på alvor. At store grupper opplever at dei ikkje blir tatt på alvor, er ein viktig grunn til at identitetspolitikken er blitt så avgjerande i store delar av Europa. På godt, og på vondt. Mot denne bakgrunnen blir nok våre Vestlands – og Sunnnfjordsproblem, våre Viken – og Troms og Finnmarksproblem små.

Les også

Se bildeserie: Før de folkevalgte forsvinner

Likevel: No har det skjedd at eg er blitt ein vestlending som ikkje høyrer heime i Vestland. «Høyrer heime» betyr her «høyrer til». I nitti prosent av mi tid her på jorda har eg halde til i Hordaland og Sogn og Fjordane. Eg burde vel ta imot politikarane sin nye konstruksjon med opne armar og gledesrop?

Eg gjer ikkje det. Eg har ikkje møtt nokon herifrå som gjer det. For min del er grunnen rett og slett at eg er frå Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane er sentrum. Kjernen. Bergen er periferi.

Ein skal ta omsyn til folk i periferien, ein er då demokrat, og eg har i mange år levd godt i og ved Bergen. Noko heilt anna er det å bli styrt frå denne periferien.

Kva skal vi kalle oss, vi som held til innanfor dei nye grensene? Vestlanding? Vestlandensar? Vestlandbu? Vestlandværing? Vestlendingar er vi i alle fall ikkje.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg