Å bygge Vestlandet i praksis

Det er ikkje til å ta feil av: Det strålar ein heilt spesiell energi frå menneske som er skikkeleg stolte av jobben sin.

INDUSTRI: Vi må kople vidaregåande utdanning enno tettare med vestnorsk industri, skriv Siren Sundland. ARKIVFOTO: ODD NERBØ

Debattinnlegg

Siren Sundland
Konserndirektør Operasjonelle tjenester, Sparebanken Vest.

Difor rungar applausen ekstra lenge i auditoriet frå den store EU-delegasjonen som var på omvising på Knarvik vidaregåande skule tidleg i mai, der 16 år gamle Henrik Gjelsvik avslutta sin gnistrande presentasjon med:

«I carry responsibility for my company. I both expand my experience and grow as a human beiing.»

Sekstenåringen er ein av landets 1430 TAF-studentar. Han går i lære hjå Nordic Neuro Lab, ei verksemd som utviklar høgteknologisk medisinsk utstyr til den internasjonale marknaden, samtidig som han tar full studiekompetanse ved Knarvik vidaregåande skule.

KOMPETANSE: Å introdusere ungdomen tidleg for spanande mogelegheiter i deira nærområde, er det mest effektive tiltaket vi kan gjere for å halde kompetansen i vår region, skriv Siren Sundland. Ørjan Deisz

EU-delegasjonen var på studietur til Bergen for å diskutere framtidas yrkesfaglege utdanning. I Knarvik fekk dei møte tidlegare TAF-studentar som no har sentrale stillingar i industrien. Dei fekk òg sjå forskingsresultat frå feltet og høyre på representantar frå lærlingverksemdene som samarbeider med skulen. Utdanninga går over fire år, og gir både fagbrev og studiekompetanse.

90 prosent av elevane som tar denne utdanninga held fram med høgare utdanning, fleire av dei i utlandet. Det er også fleire jenter som vel TAF-utdanninga enn på ordinære yrkesfaglege studieretningar.

Alle innlegga peikar på det same: At det følgjer ein heilt særeigen form for læring når ein får reelt ansvar i eit selskap allereie på vidaregåande. At dei unge tidleg får sjå verdien av sitt eige arbeid, at dei får ta del i ein arbeidsfellesskap, og at dei kjenner stoltheit fordi dei skaper verdiar for samfunnet. I tillegg får industrien tilgang til særs viktig kompetanse for framtida.

Les også

– De aller beste elevene skal ta yrkesfag. Det er slik vi kan lykkes i fremtiden.

Basert på dei suverene tilbakemeldingane frå både industrien og elevane, (og applausen frå dei mange EU-delegatane i salen) skulle ein tru at TAF-utdanninga er eit heilt sentralt satsingsområde i utdanningspolitikken for framtida.

Det er diverre ikkje noko som tyder på det – og det er dårleg nytt for Vestlandet!

Då fagmiljøet som har skapt suksessen med TAF på Knarvik vidaregåande skule presenterte sitt forslag om eit nytt studieløp med TAF retta mot havbruksnæringa, tilpassa dei store teknologiske endringane som skjer der, fekk dei tommelen ned. Kva betyr det for regionen vår på sikt?

Les også

Bedriftsledere på Vestlandet er like optimistiske som før oljekrisen

På Vestlandskonferansen 2019 vart Vestlandsmeldinga lagt fram. Meldinga er utarbeidd av analytikarar frå Zynk, PwC og SenseNet, og gir eit tydeleg bilete av det store potensialet for verdiskaping som finst i vår region. Men for å kunne realisere dette potensialet, er nok og riktig kompetanse kritisk viktig for Vestlandet.

Meldinga tar til orde for eit utdanningssystem som set praksisnær læring i sentrum av vidaregåande og høgare utdanning. Vår sterkaste konkurransefaktor er den norske arbeidslivsmodellen: Det er lite hierarkisk avstand mellom tilsette, leiarar og eigarar.

Dei tilsette tenkjer heilskapleg om å skape verdiar for selskapet, dei tar aktivt del i problemløysinga og dei vert lytta til. Og det er nettopp denne modellen som forklarar kvifor norske fagarbeidarar og ingeniørar er i verdsklasse.

For at vi på Vestlandet skal realisere våre mogelegheiter, må vi starte med å sikre at det faktisk bur folk der naturressursane og der industrien er. Å introdusere ungdomen tidleg for dei verkeleg spanande mogelegheitene som finst i deira nærområde, er det mest effektive tiltaket vi kan gjere for å halde kompetansen i vår region.

Vi har snakka om at Norge treng meir kompetanse innan realfag og tekniske fag i nærmare tjue år. Det får halde. Tidlegare denne månaden la Menon Economics fram ein rapport som estimerer at elektrifisering og norsk maritim industri kan gje opp mot 210 milliardar i netto verdiskaping fram mot 2040.

Våre ungdomar skal velje si utdanning i ei tid prega av store, globale utfordringar og store, regionale mogelegheiter. Tida er inne for å gå frå preik til praksis, for å satse enno meir systematisk på det som verkeleg har gitt effekt:

Å kople vidaregåande utdanning endå tettare med vestnorsk industri, og la langt fleire av våre ungdomar få gå i lære hjå dei praksisnære innovatørane i verksemder som Brødrene Aa, Wärtsilä, Framo, Rolls-Royce, Clampon og Anderaa. For det er i slike fagmiljø ein verkeleg kan studere kunsten å bygge Vestlandet i praksis.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg