Er Universitetet i Bergen heilt utan språkpolitikk?

Språk har aldri stått på dagsorden til travle rektor Dag Rune Olsen.

KOR ER SPRÅKET? Til sist forsvann også innstillinga «Både i pose og sekk» frå heimesida til UiB. Språkpolitikk har aldri stått på dagsorden til travle rektor Olsen, meiner Georg Arnestad. Breistein, Emil Weatherhead / NTB scanpix

Debattinnlegg

Georg Arnestad
Seniorrådgjevar, Høgskulen på Vestlandet

Alle universitet og høgskular i Noreg pliktar å ha utarbeidd språkpolitiske retningslinjer.

Dei aller fleste av desse har då også gjort dette. Men mange har putta retningslinjene rett i skrivebordsskuffa. Og nesten ingen institusjonar har oppretta språkpolitiske utval som sørgjer for at retningslinjene verte sette i verk, følgde opp og eventuelt reviderte.

Universitetet i Bergen er mellom dei institusjonane som siste åra har somla mest med å få utvikla og sett i verk ein eigen språkpolitikk.

På heimesidene til UiB finn vi berre kortfatta informasjon om at undervisningsspråket, administrasjonsspråket og det daglege arbeidsspråket til vanleg er norsk.

Vidare heiter det: «Som eit internasjonalt forskingsuniversitet, legg universitetet vekt på at delar av verksemda skjer på engelsk eller andre internasjonale språk. For å ta i vare desse målsetjingane og ansvaret overfor det norske og internasjonale samfunnet, har universitetet som mål å utvikle mest mogleg parallellspråkleg praksis. Det skal praktiserast godt språk både på norsk og på framandspråk».

Les også

Maria Kræmer (19) har søkt seg til landets mest populære studier. Her er hele listen.

I tillegg har heimesida lenkjer til reglar for målbruk ved UiB (frå 1996), til lov og forskrift om målbruk i offentleg teneste og til skriveråd for administrative tenester ved UiB.

Det er det heile. Slik har situasjonen ved UiB vore i altfor mange år.

For 10-12 år sidan, under den første rektorperioden til Sigmund Grønmo, kunne derimot Universitetet i Bergen ha hamna i den nasjonale språkfronten.

For i juni 2006 nemnde rektor Grønmo opp eit fagleg tungt utval, som under leiing av professor Helge Sandøy skulle kome med framlegg til ein språkpolitikk for UiB.

Utvalet arbeidde fort og godt. Alt i februar 2007 var innstillinga klar. Ho fekk namnet «Både i pose og sekk. Framlegg til språkpolitikk for Universitetet i Bergen».

Sandøy-utvalet gjorde eit framifrå arbeid, og meinte å ha funne ein høveleg og riktig parallellspråkleg balanse mellom bruk av norsk og engelsk i utdanning, forsking og formidling ved UiB.

Utvalet kom med forslag til ei rekkje språkpolitiske tiltak, og meinte dessutan at universitetet burde leggje så mykje vekt «på parallellspråkspolitikk og på språkleg kvalitet at det bør opprette eit eige kontor eller senter for språktenester.»

Les også

Bergen – Norges beste kulturby

Deretter gjekk det betydeleg seinare. Først i oktober 2009 kom saka på bordet til universitetsstyret.

Her vart ho velsigna med rosande ord og nokre vage utsegner om at direktøren skulle komme tilbake til enkeltforslag.

Det blei òg sett av nokre beskjedne midlar til eit lite språksenter der Johan Myking skulle vere styreleiar. Meir skjedde ikkje. Saka vart så drøfta på eit internt seminar med prorektor Kuvvet Atakan som innleiar i mars 2011. Då var visst det heile over.

I 2013 tok så Dag Rune Olsen over som UiB-rektor. I september 2014 følgde nok eit seminar, no med prorektor Oddrun Samdal som representant for leiinga.

Overskrifta for seminaret dette året var realorientert og lydde som følgjer: «UiBs språkpolitiske satsing: lufta ut av ballongen - eller ny vind i seilene?»

Det var heilt unødvendig å spørje. Ballongen hadde lenge vore tom for luft.

Det har den òg vore sidan. Til sist forsvann også innstillinga «Både i pose og sekk» frå heimesida til UiB. Språkpolitikk har aldri stått på dagsorden til travle rektor Olsen.

Det var den sterke auken i bruk av engelsk i akademia som var bakgrunnen for innstillinga UiB laga i 2006-07.

Sidan den gongen har i alle fall ikkje engelsk-utfordringa vorte mindre for akademiske institusjonar i Norden.

Det var òg denne utfordringa som førte til at ei gruppe med professorar frå nordiske universitet i mai 2017 la fram den solide innstillinga «More Parallel, please!» med elleve klåre tilrådingar om språkpolitikken ved universiteta i Norden.

Eg arbeider ved Høgskulen på Vestlandet (HVL). Alt i desember 2017 la ei arbeidsgruppe som eg leia, fram eit forslag til språkpolitiske retningslinjer med utgangspunkt i den nordiske innstillinga.

Våren 2018 vedtok styret desse retningslinjene med akklamasjon. Hausten 2018 oppnemnde så rektor Berit Rokne medlemmene av det språkpolitiske utvalet. Utvalet vert leia av éin av høgskulens tre prorektorar.

Les også

Før bygget de skip, nå skal det ypperste av ny teknologi skipes ut fra Solheimsviken

Forholdet mellom bruk av nasjonalspråket (norsk) og parallellspråket (engelsk) står sentralt i retningslinjene, både i utdanning, forsking og formidling.

Hovudspråket ved HVL er nynorsk. HVL har òg teke eit særskilt ansvar for å utvikle eit godt (ny)norsk fagspråk innanfor dei store profesjonsfaga der høgskulen har mange studentar og mykje forsking.

UiB-rektor Olsen har to år att av si rektortid. Han er velkomen til å vitje oss på HVL for å setje seg inn i arbeidet med utforming av ein aktiv og moderne språkpolitikk.

Og dersom den travle rektoren ikkje har tid, kan han i det minste vitje heimesida vår. Her finn han det meste han treng.

Om han ikkje stolar på meg, kan han spørje Språkrådet. Dei tykkjer nemleg at Høgskulen på Vestlandet har utvikla ein særs god språkpolitikk.