BT tek feil om ventelistene

Løysinga på problemet er neppe så enkel som BT vil ha det til.

Publisert Publisert

SVARER PÅ BT-LEIAR: Helse Vest har god oversikt over ventetidene i sjukehusa, men manglar oversikt over tilbodet hos privatpraktiserande psykologar, ifølgje Ola Jøsendal. Foto: Tor Høvik (arkiv)

Debattinnlegg

  • Ola Jøsendal
    Assisterende fagdirektør i Helse Vest RHF

BT skriv på leiarplass 28. januar at ventetida for å kome til hos psykolog er eit folkehelseproblem, at Helse Vest manglar oversikt og at talet på psykologar med avtale med dei regionale helseføretaka må aukast. Vi er einige i at kapasiteten må vere god nok, men løysinga er neppe så enkel som BT vil ha det til.

Mange har den siste tida sett med kritiske auge på kapasiteten innanfor psykisk helsevern. Statsministeren har bede folk om å søkje hjelp når dei treng det. Psykologar og psykiatrar, både i sjukehusa og hos avtalespesialistane, melder om stor pågang. I oppslag i media har fastlegar og pasientar lita tru på at det er mogeleg å få hjelp innan rimeleg tid.

Les også

Ventetidene er et folkehelseproblem

Dette er ei utfordring. Men eit tiltak åleine, er neppe nok.

BT hevdar Helse Vest ikkje har oversikt. Vi har god oversikt over ventetidene i sjukehusa, dei er tilgjengelege for alle på helsenorge.no. Men vi manglar oversikt når gjeld tilbodet hos avtalespesialistane. Dei er nemleg unnateke frå ventelisteforskrifta og treng ikkje rapportere på talet på tilvisingar, kor mange pasientar dei tek inn, eller kor mange tilvisingar som blir returnerte.

Dei utfører heller ikkje rettigheitsvurdering av tilvisingane. Når vi ikkje får innsikt i denne delen av pasientflyten, er det krevjande å planlegge helsetilbodet nøyaktig.

Vi må likevel forvente at pasientar som har rett til nødvendig helsehjelp, får hjelp til rett tid. Spørsmålet er korleis vi kan sikre dette betre enn i dag. Dei lange ventetidene avtalespesialistane har, kan ikkje fortsette. Men dersom dei økonomiske rammene for sjukehustenestene er dei same, og ein aukar talet på avtalespesialistar, vil sjukehusa måtte skjære ned på sin aktivitet.

Det er ikkje sikkert at pasientane kjem styrkja ut av ei slik omlegging.

Vi må sjå på andre løysingar i tillegg. Noko av svaret kan vere å arbeide smartare ved å ta i bruk nye teknologiske løysingar som for eksempel eMeistring. Her nyttar spesialistane nettbaserte tenester, og kan behandle langt fleire pasientar enn gjennom vanlege konsultasjonar. Resultata er svært gode. For pasientar med lettare psykiske lidingar er det grunn til å forvente at fleire kan bli behandla på kommunalt nivå.

Med godt samarbeid mellom sjukehus og kommune, kan fleire få forsvarleg behandling her, sjølv dei med noko meir utfordrande lidingar. Det er eit felles ansvar og ei felles utfordring å få til ei slik oppgåvedeling.

Så ja, kapasiteten i spesialisthelsetenesta må vere god nok, men med omsyn til folkehelsa kan ikkje utfordringa knytt til eit større behov for psykisk helsevern løysast av spesialisthelsetenesta åleine.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg