Kvifor provoserer store kroppar så veldig?

Den nye og større dokka var eit kjærkome syn for mange – men representerer ho også ein fare?

Publisert:

PLUS SIZE: Den nye og større dokka var eit kjærkome syn for mange – men representerer ho også ein fare? skriv innsendarne. Foto: Tom D Morgan/Courtesy of Nike

Debattinnlegg

  • Marianne C. Håheim
    Forfattar og frivillig i Rådgivning om spiseforstyrrelser (ROS)
  • Cathrine Nitter
    ROS rådgjeving om spiseforstyrringar

Det vart oppstyr då varemerket Nike nyleg stilte ut si første såkalla plus size utstillingsdokke, iført treningsklede i tilsvarande storleik. Den nye og større dokka var eit kjærkome syn for mange – men representerer ho også ein fare?

Det meiner Tanya Gold, journalist i avisa The Telegraph. I eit avisinnlegg kallar Gold dokka «enorm», og hevdar at ho i verkelegheita ville vore prediabetisk og ute av stand til å springe. Plus size utstillingsdokker oppmuntrar folk til å fornekte helsefarane forbunde med fedme, skriv Gold vidare.

INNSENDERNE: Cathrine Nitter og Marianne C. Håheim arbeider i ROS (Rådgivning om spiseforstyrrelser). Foto: Privat / Andris Søndrol Visdal

Reaksjonane på utstillingsdokka har gjort det klart kvar tolegrensa for kroppsmangfald går for mange av oss. Representasjon av fleire typar kroppar er positivt, så sant det skjer innanfor rammene av kva som er sunt – eller? Når store menneske blir avbilda, særleg i samanhengar som tidlegare har vore reservert for slanke modellar, er ikkje dei negative reaksjonane langt unna. Kritikken sit laust, gjerne pakka inn i bekymring knytt til vedkomande si helse. Men er nedsetjande kommentarar om andre sin kropp verkeleg eit uttrykk for bekymring?

Kommentarfelta tyder ofte på det motsette. Menneske med overvekt og fedme blir utsett for ein type hets som er alt anna enn helsefremjande. Kvifor provoserer store kroppar så valdsamt?

Noko av forklaringa er kanskje at vi i store deler av vår moderne verd ser ut til å oppleve ei slags kollektiv frykt for overvekt og dei karakteristikkar som er knytt til dette. Måtehald og restriktiv åtferd blir favorisert, og vi er opptekne av å vere og å gjere riktig. Den overvektige kroppen blir representant for noko feil, endåtil farleg. Då er det tydelegvis lett å bli sint, anten på eigne eller folkehelsa sine vegner.

Resultatet er kommentarfelt overfylt av moralisme, hets og skremselstaktikkar. Vi trur ikkje at dette bidreg til betre helse for nokon – like lite som manglande representasjon eller tilgang på treningsklede i større storleikar motiverer til helsefremjande åtferd. Manglande kjennskap til kva mekanismar som påverkar helsa vår, gjer at mange får eit einsidig fokus på vekt.

BERRE EI DOKKE?: Helse kan ikkje målast utelukkande i vekt og BMI, skriv Cathrine Nitter og Marianne C. Håheim i dette innlegget. Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen (arkiv)

I den nylege NRK-dokumentaren «Kropp er topp» seier forskarar innan folkehelse at mykje er gjort om vi klarer å fjerne tesen om at all overvekt er uheldig. Dei seier vidare at bilete av ulike typar kroppar ikkje er skadeleg for folkehelsa. Helse kan ikkje målast utelukkande i vekt og BMI.

Dette er ei feiloppfatning vi må jobbe oss bort ifrå. Helse er ein kombinasjon av fleire faktorar, kor vekt utgjer berre ein liten del. Vi bør heller fokusere på korleis det står til med folk, om dei trivst i livet, om dei har overskot til å gjere dei tinga dei opplever som viktig, og liknande. For mange er det farleg å bli for opptekne av talet på vekta. Det å oppleve kroppsleg misnøye vil svært sjeldan hjelpe ein ned i vekt – snarare tvert imot. Skam og sjølvforakt vil aldri vere drivkrefter for varig og god endring.

Vi trur ikkje at ei plus size utstillingsdokke fører til dårlegare folkehelse. Som svar på Tanya Gold sitt avisinnlegg har mengder av kvinner teke til motmæle og fortalt at jo, dei kan springe både fort og langt, sjølv om dei er like store som eller større enn den omstridde dokka. Ein kan ikkje sjå på nokon kva helse dei har.

Vi må slutte berre å måle, telje og vege, og heller rette fokus mot kva som fremjar helse og livskvalitet i eit heilskapleg perspektiv. Vi treng medium som viser fram eit breiare spekter av menneskeheita. Vi treng representasjon som skapar rom for oss alle, uavhengig av etnisitet, storleik, kjønn, alder, seksualitet osv. Dét er helsefremjande. Utestenging, hets og fordommar er det motsette.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg