Kampen om Katalonia

Vi som hylla den spanske overgangen frå diktatur til demokrati, er blitt meir enn vonbrotne.

Publisert: Publisert:

FREDELEG: Den katalanske frigjeringsrørsla er kjenneteikna av trua på at dei vil kunna føra kampen på fredeleg vis, skriv Johannes Nymark, pensjonert førsteamanuensis i spansk frå NHH. Foto: Emilio Morenatti, TT Nyhetsbyrån

Debattinnlegg

Johannes Nymark
Pensjonert førsteamanuensis i spansk ved NHH og forfattar av "Draumen om Catalonia"

12 politiske fangar i Katalonia ‒ ni politikarar og tre borgarrettsforkjemparar ‒ er blitt dømt til mellom 9 og 13 år i fengsel for «oppvigleri og underslag». Den brutale undertrykkinga av katalanarar frå spanske styresmakter si side, er fare over med harelabb i dommane.

I eit Spania der domstolane er den delen av maktfordelingsprinsippet som ikkje har vore gjennom ein demokratiseringsprosess, skjer dette i ei tid då dei politiske kampane er meir polariserte enn på svært lenge.

Ein studie ved Georgetown University under leiing av Laia Balcells, professor i statsvitskap, viser at det i Katalonia er relativt sterk polarisering rundt spørsmålet om sjølvstende for regionen.

Johannes Nymark Foto: Marit Hommedal/NHH

Polariseringa gjeld to grupper: Dei som er klart for lausriving frå Spania og for å oppretta ein suveren katalansk republikk (44 prosent), og på den andre sida, dei som klart går inn for å sikra status quo eller gi Katalonia mindre sjølvstyre enn tilfellet er i dag (20 prosent).

Det går òg fram at rundt rekna 35 prosent ikkje legg for dagen polariserte haldningar. Sterk polarisering altså, men vi er relativt langt unna den splittinga i to som dei spanske unionistane held fram: 50/50 for og imot lausriving.

FN si arbeidsgruppe for vilkårleg fengsling har i ulike rapportar tatt føre seg situasjonen til somme av dei politiske fangane. I ein første rapport såg arbeidsgruppa på situasjonen til borgarrettsaktivistane Jordi Sànchez og Jordi Cuixart, i tillegg til Oriol Junqueras, visepresident i Katalonia i 2017.

Konklusjonen var klar: Arrestasjonane av dei tre var vilkårleg, og dei burde setjast fri omgåande. Dagens visepresident i Katalonia Pere Aragonès uttalte etterpå at den omtala FN-rapporten tvingar Spania «til å stilla seg på den sida som respekterer FN, eller på den sida som ikkje gjer det.»

Sidan Spania ikkje godtar tilrådinga i rapporten, bryt landet FN si universelle menneskerettserklæring. Det same gjeld for arbeidsgruppa sin andre rapport, som fokuserte på Joaquim Forn, Raül Romeva, Josep Rull og Dolors Bassa, som alle var ministrar i den katalanske regionalregjeringa under folkerøystinga 1. oktober 2017 og som erklærte sjølvstende frå Spania 27. oktober same år.

Les også

Den spanske nasjonalismen var ikke død

Spanske styresmakter godkjenner ikkje eingong termen politiske fangar for desse personane som er fengsla for politiske handlingar. Som i mange andre land, har ein gjort politiske saker om til juridiske, og fører sakene med særs tvilsam argumentasjon.

Og vi som hylla den spanske overgangen frå diktatur til demokrati etter 1975, er blitt meir enn vonbrotne. Mange politiske familiar frå Franco-regimet gjekk problemfritt over i konservative politiske grupper, som Partido Popular, dei fekk verv i rettsvesenet eller i styreposisjonar i næringslivet.

Den katalanske frigjeringsrørsla er kjenneteikna av trua på at dei vil kunna føra kampen på fredeleg vis. I så måte minner rørsla om borgarrettsrørsler ‒ som den Martin Luther King stod i spissen for mot raseskiljet i USA. Som andre pasifistiske borgarrettsrørsler blir den møtt med vald frå makthavarane si side.

Både fysisk makt, slik vi såg det då folkerøystinga blei brutalt undertrykt av sivilgardistar og nasjonalt spansk politi 1. oktober for to år sidan, og institusjonell vald gjennom dei rettsprosessane som har funne stad i første halvår i år og som fekk ein førebels slutt gjennom dommane som no ligg føre.

Les også

7 grunner til at jeg vil løsrive meg fra Spania

I det siste er uavhengigheitsrørsla blitt forsøkt kriminalisert gjennom arrestasjonar og skuldingar om terrorisme av medlemmer av CDR (forsvarskomitear for republikken), utan at det kan visast til anna enn indisium. «Ei banalisering av terrorisme», har leiaren av venstrepartiet Podemos Pablo Iglesias uttalt.

Den katalanske rørsla for lausriving frå Spania har lange røter. Den første organiseringa går attende til siste halvdelen av 1800-talet, og var prega av økonomisk sterke grupper som hadde sett seg lei på at dei viktige avgjerdene i økonomisk politikk blei tatt i Madrid. Også den nasjonalt orienterte venstresida var tidleg ute i Katalonia.

Alt i 1931 blei ERC (Katalonias republikanske venstre) skipa. Mine mange visittar til Katalonia har vist meg at det finst tallause katalanarar som stør kampen for sjølvstende, men som ikkje soknar fast til noko politisk parti. Mange er sosialiserte inn i det nasjonalt katalanske, med ein inngrodd skepsis til politiske parti.
Den omtala studien frå Georgetown University syner at dei tre blokkene så å seia ikkje varierer frå desember 2017 til september 2018, noko forskargruppa ser på som svært overraskande ut frå alt som skjedde i desse ni månadane.

Forskarane kommenterer at medan politiske parti og organisasjonar snakkar om å utvida sin sosiale base, ser dette ut til å vera komplisert. Mellomgruppa på 35 prosent uttrykker skepsis til å lata seg overtyda av anten jasida eller neisida.

Det finst likevel andre punkt der ein ut frå studien kan skimta semje. Spesielt kan ein legga merke til at nær opp til 80 prosent meiner at ein bør halda folkerøysting for å få avklart den usikre situasjonen av i dag, noko som syner at ein konsultasjon i Katalonia har svært høg legitimitet.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg