No sviktar grunnmuren i helsevesenet vårt

Internasjonalt reknar ein at minst 30 prosent av legane bør vere allmennlegar, men hos oss er dei berre 24 prosent.

Publisert: Publisert:

VENTETID: Ingen bør døy av kreft fordi dei måtte vente 4–5 veker på å få kome til hos fastlegen med symptoma sine, skriv innsendar. Foto: NTB Scanpix

Debattinnlegg

Torleiv Robberstad
Pensjonist, spesialist i samfunnsmedisin, MPH

Trude Basso peikar i BT 7. juli på at det er noko fundamentalt gale med fastlegeordninga, og at den treng meir ressursar. Men statsråd Høie ønskjer tid nok til å planleggje, og viser til ein handlingsplan som skal kome i 2020.

Høie blei helsestatsråd i 2013, og før det var han leiar i Stortingets helse- og omsorgskomité i fire år. Sviktsymptoma har vore klart synlege i ei årrekkje, og dei har auka på. I 2008 var det 3980 fastlegar, og då meinte Helsedirektoratet at det trongst 2000 fleire innan 2015. I 2017 var det berre blitt 760 fleire, så med dagens tempo blir 2015-målet nådd i 2033. I mellomtida har fastlegane fått stadig meir å gjere, det veit kvar den som har vore pasient.

Samhandlingsreforma kom i 2012, og for fastlegetenesta var hovudutfordringa kapasitetsvanskar. Reforma har stort sett blitt ei overføringsreform, med meir oppgåver til fastlegane og omsorgstenestene utan tilsvarande utbygging av desse. Så no er berre 35 prosent av fastlegelistene opne, mot 47 prosent for ti år sidan. Dette går ut over folk flest.

Les også

Man får ikke rekruttert nye fastleger slik!

Les også

For lang ventetid til legekontoret

Meir enn tredjeparten av aldersgruppa 80 år og eldre bur i 49 av dei største kommunane våre. Om dei fortel statistikken at i kommunane med flest sjukehusinnleggingar, er fastlegane eldre og fastlegelistene lengre, og sjukehusa treng 20 prosent lengre tid til undersøking og behandling før desse pasientane er utskrivingsklare. Slik går det når travle fastlegar får for lita tid til å undersøkje pasientane sine godt nok.

Offentlege kostnader pr. liggjedøgn på sjukehus i 2015 var 16.700 kroner, som er 32 gonger meir enn for ein fastlegekonsultasjon. Då er det dårleg helseøkonomi å bruke sjukehusressursar til arbeid som fastlegane kunne gjere dersom dei hadde tid.

Pakkeforløp for kreftsjukdomar er ein god ting, men ingen bør døy av kreft fordi dei måtte vente 4–5 veker på å få kome til hos fastlegen med symptoma sine.

Fastlegeordninga er grunnmuren i norsk helseteneste. Den praktiske gjennomføringa er lagt til kommunane, men staten har overordna ansvar for at den fungerer godt nok. Nå har ordninga aukande svikt, det ser alle som vil sjå.

Internasjonalt reknar ein at minst 30 prosent av legane bør vere allmennlegar, men hos oss er dei berre 24 prosent. Skal kua døy mens graset gror?

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg