Eit trekantforhold basert på overkøyring og uvisse

Sjå for deg at du har «deita» to kjekke, men særs ulike menn eller kvinner. Kven må gå?

Publisert: Publisert:

LÆRARTETTLEIK: Korleis blir det når vi ein gong skal ut i skulen for å jobbe, spør fem lærarstudentar. Foto: Frank May / picture alliance

Debattinnlegg

  • Sofie Østebøvik Olsen
    Lærarstudent ved Høgskolen på Vestlandet, Bergen
  • Inger Jorunn Michelsen
    Lærarstudent ved Høgskolen på Vestlandet
  • Marie Løseth
    Lærarstudent ved Høgskolen på Vestlandet
  • Kristina Juklestad
    Lærarstudent ved Høgskolen på Vestlandet
  • Elise Brenne Brustugun
    Lærarstudent ved Høgskolen på Vestlandet

Temaet lærartettleik i grunnskulen har ein spesiell plass i hjarta til oss lærarstudentar. Som framtidige lærarar ønskjer vi større lærartettleik for å kunne utøve yrket på best mogeleg måte. Vi må ærleg innrømme; vi er litt forvirra når det gjeld kven vil skal stole på som støttespelar og partnar i denne situasjonen. Kven vil eigentleg det beste for oss, framtidas lærarar?

Så la oss difor kome med ei samanlikning for å gjere situasjonen vår enklare å setje seg inn i for utanforståande; sjå for deg at du har «deita» to kjekke, men særs ulike menn eller kvinner. Kanskje kunne det gått an å velje begge, men sidan polygami ikkje er særleg akseptert i det norske samfunnet, ser ikkje dette ut til å vere ein god ide. Her må nokon gå, men spørsmålet er kven; den stabile men noko keisame og naive Lærarutdanninga, eller det tvitydige, spontane og arrogante Kunnskapsdepartementet?

No sit vi her og mimrar tilbake til vår første date med deg, Lærarutdanninga. Vi var både nervøse og spente første gongen vi besøkte deg på høgskulen. Frå første dag sa du at vi skulle lære oss korleis vi kunne få gode og trygge relasjonar til elevane våre. Du lovde at vi skulle lære oss å gi god tilpassa opplæring, som skulle få med alle. Og viktigast av alt; vi skulle lære oss å verkeleg sjå den enkelte elev og utgjere den store forskjellen for denne.

Les også

Hvor stor klasse går barnebarnet ditt i?

Så kjære Lærarutdanninga… korleis skal vi klare det? Du sa jo ingenting om kor mange elevar vi skal sjå, støtte, gi omsorg til og tilpasse til på ein og same gong. Utdanningsdirektoratet melder om stadig større klasser, og dermed også stadig fleire elevar per lærar. Korleis skal vi då klare å gjennomføre alt det du så ambisiøst forventar av oss? Korleis skal vi då klare å innfri dine store krav? Det ser rett og slett ut til at forholdet vårt til deg har kome i konflikt med vår nye flamme, Kunnskapsdepartementet.

Kunnskapsdepartementet, du tok oss med storm frå første stund. Vi følte at du var villig til satse på oss og at du ville gi oss status og yrkesstoltheit. Men etter kvart som vi vart betre kjent med deg var det noko som byrja å skurre. Du klarte jo aldri å bestemme deg. Kva er det eigentleg du vil? Den eine dagen seier du at mindre klassar ikkje gir betre læringsutbytte, medan den andre dagen seier du at du ønskjer mindre klassar, fordi dette kan ha ein stor effekt på lengre sikt.

Du seier at den fireårige profesjonsutdanninga vår ikkje er nok, vi burde heller gått fem år. Du meiner at ein bachelor ikkje lenger er bra nok for arbeid i skulen, og at vi bør ta master. Krava dine til oss ser ut til å bli større og større for kvar dag som går. Er du lenger til å stole på? Er vi bra nok for deg? Og kjem vi nokon gong til å bli bra nok for elevane?

Vi skjønar det kan vere vanskeleg å vere deg, når du må ta omsyn til deg til forsking som ikkje er eintydig. Noko av forskinga viser til at økt lærartettleik ikkje nødvendigvis fører til økt læringsutbytte for elevane. Samstundes er det anna forsking som viser at økt lærartettleik har ein betydeleg positiv effekt, spesielt for elevar med eit dårlegare utgangspunkt.

Dette gjeld mellom anna elevar med lav sosioøkonomisk bakgrunn, elevar med etnisk minoritetsbakgrunn og fagleg svake elevar. Vi forstår at du blir usikker, men hugs at du har eit ansvar ovanfor oss. Prøv å sett deg inn i vår situasjon og høyr vår stemme. Det er vanskeleg for oss å lite på deg når du er så utydeleg.

Les også

Flere lærere til de yngste elevene

Vi kan gjerne studere både fire og fem år for å gjere deg fornøgd. Men korleis blir det når vi ein gong skal ut i skulen for å jobbe? Etter 12 veker med praksis føler vi at vi har grunnlag nok til å uttale oss om lærartettleik. Vi er alle einige om at det er lettare å nå fram til eleven når ein har nok tid til kvar enkelt av dei. Logisk nok vil dette vere enklare i mindre klasser.

I den generelle delen av læreplanen står det spesifikt at skulen skal ha rom for alle, og lærarane må derfor ha blikk for den einskilde. Likevel er situasjonen i dag at det blir fleire elevar per lærar. Dagens tendens er altså at vi går mot ein praksis som kan kome til å stride mot læreplanens ambisjonar.

Kunnskapsdepartementet har gått vekk frå ei maksgrense i klasserommet, til å heller leggje grensa ved kva som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg. Kva er malen for kva som er pedagogisk og tryggleiksmessig forsvarleg og kven bestemmer dette?

Fleire av partia har kome med forslag om ein normbestemt maksgrense for elevar per lærar. Til dømes vil KrF og SV sette ei maksgrense på 15 elevar per lærar i 1. – 4. trinn, og 20 elevar per lærar i 5. – 10 trinn. Ut ifrå dette kan det tenkjast at vi ikkje er aleine om å vere misfornøgde med dagens ordning? Det er synd at dei vi faktisk er einige med, ikkje får gjennomslag på Stortinget. Er det ikkje typisk? Ein får aldri den ein ønskjer seg.

Forvirringa er framleis til stades, og vi føler oss dratt i to ulike retningar. Vi spør oss sjølve; korleis kan vi klare å fortsette å leve i dette trekantforholdet? All respekt til dei som lever i eit polygamisk forhold, men vi trur ikkje dette er noko for oss. Som vi alle veit er nøkkelen til eit bra forhold, forståing og respekt for motparten sine ønskjer. Til no føler vi at verken Kunnskapsdepartementet eller Lærarutdanninga har møtt oss med forståing.

For at vi i det heile skal kunne ha eit godt forhold til nokon av dokke, ønskjer vi at i alle fall ein av dei får opp augo, og tar våre synspunkt og refleksjonar i betraktning når dei skal leggje føringar for korleis vi skal utøve vårt yrke.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg