Eg er ikkje klar til å bli skikkeleg vaksen
Dei siste åra har det kome meir og meir press på meg.
- Gunhild HaustveitBergen

Eg er vaksen. Liksom. Eg er 27 år, ferdig utdanna og har faktisk vore i jobb i tre og eit halvt år. Men eg er ikkje heilt klar til å bli skikkeleg vaksen. Eg har ikkje levd lenge nok, eg har ikkje sett nok.
Korona tok to år av livet mitt. To år av liva til oss alle. Ungdom føler seg yngre enn dei er, og det gjeld vel for oss unge vaksne òg. Eg føler ikkje at eg er i slutten av 20-åra, sjølv om eg veit at eg er det.
Dei siste åra har det kome meir og meir press på meg. Press om å kjøpe leilegheit, press om å etablere meg og få born. Og saka er det at eg er livredd for å ikkje leve nok før eg får born.
Ikkje misforstå meg, eg har skikkeleg lyst på born. Men ikkje akkurat no. Eg greier ikkje å sjå for meg livet mitt som vaksen (førti pluss) utan ein flokk med ungar rundt meg. Eller som gammal utan barnebarn.
Eg veit kor egoistisk dette høyrest ut, men eg er berre ikkje klar til at livet mitt skal handle om nokon andre enn meg.
– Man skal vere så ekstremt interessert i barnas liv. Eg skal øve meg på å vere meir upopulær.
Eg gruer meg til at ein tur til Mikkelparken blir årets høgdepunkt. Eg har lyst til å reise på interrail eller backpacke i Asia.
Rundt meg får tidlegare klassekameratar born. Folk som er mykje yngre enn meg, får born. Eg får for ofte spørsmål om ikkje eg og skal få born snart.
Det er jo eigentleg eit heilt naturleg spørsmål å stille folk på min alder, og eg har jo gjort det sjølv òg når eg har smalltalka med kvinner rundt 30 år. Det var liksom heilt naturleg. Eg merka ikkje kor ukomfortabelt det var før eg vart gammal nok til å få slik spørsmål sjølv.
Om eg hadde fått born no, er eg redd eg hadde blitt bitter. Eg har så mykje meir eg vil oppleve først. Tenk om eg hadde tatt det ut på ungane mine. Tenk om eg hadde blitt ei dårleg mor.
Som dykk sikkert skjønar, så er eg midt oppi ei kvartlivskrise (ja, eg har tenkt å bli 108 år). No skal eg berre leve livet mitt og nyte fridomen.
Eg er rett og slett for sjølvopptatt og ikkje moden nok til å bli mamma.
- Kva vil du skrive om? Send eit innlegg til debatt@bt.no! Usikker på korleis ein gjer det? Sjå tips på denne sida.