Er skulen eit bjørnedyr?

Dei siste dagane har eg byrja å lura.

Innsendaren meiner skulen i dag kan minne om bjørnedyret, ein hardfør skapning.
  • Margreta Tveisme
    Pedagogisk leiar, NDLA
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Du har vel høyrt om bjørnedyret? Det er eit knøttlite dyr som lever over alt. Det er mest kjent for at det toler alt. Folk har bada det i alkohol og kokt det, og det overlever.

Med «skulen» meiner eg den måten vi no organiserer utdanning og formell læring på. Det paradigmet vi lever i, så å seie.

Denne skulen har overlevd i over 150 år – og ser ut til å tola det aller meste, slik som bjørnedyret.

Margreta Tveisme er skeptisk til den måten skulen blir organisert på i dag.

Vi opererer med klassar på omtrent same storleik, med som oftast ein lærar pr. klasse i slengen. Alle i klassen er like gamle, dei oppheld seg i same rom på same tid og gjer det same.

Dei har ein læreplan som er bestemt for dette kurset dei no tar, og dei blir vurdert med karakter på i kva grad dei oppnår måla i denne læreplanen.

For å finne ut kva dei har oppnådd, tar dei prøver, eller eksamen. Det skjer stadig vekk at nokon prøver seg med å bryta litt ut av dette, men det er alltid innanfor paradigmet.

Lærarar jobbar til dømes utan karakterar i løpet av året – men så må dei inn att i folden og gi karakter til 1. og 2. termin. Dette veit elevane veldig godt, og dei veit kva som verkeleg gjeld.

Les også

Roar Ulvestad: – I verste fall blir det umulig å få gode karakterer uten å jukse

Vi seier at læringa er det viktigaste, men det er det ikkje i dette paradigmet. Det er karakterar, vitnemål, opptak, vidare studium og god jobb som gjeld.

Det veit både lærarar og elevar, og når nokon vil gjera «noko anna» i skulen, som temadagar, solidaritetsaksjonar, you name it, så er det alltid ein gjeng lærarar og elevar (dei mest realistiske, kanskje?) som protesterer fordi det går for mykje tid bort frå det vi bør driva med, det som viser att på vitnemålet.

Ein får ikkje karakter for alle dei flotte orda i læreplanane, som kreativitet og tverrfaglege tema – ein får det i fag.

Dermed får ein slike absurde utslag som at det blir gitt klarsignal til å tolka tverrfaglege tema som noko ein kan driva med i kvart fag for seg. Berekraft i norsk, berekraft i engelsk. Fagfornyinga kjem – bjørnedyret lever like godt!

Kvifor masar eg om dette no? På grunn av kunstig intelligens (KI). Eller rettare, på grunn av diskusjonane kring Chat GPT. Kan bjørnedyret overleve kunstig intelligens?

Chat GPT gir elevane endå ein måte å fuska på, som etter kvart vil bli vanskelegare og vanskelegare å avsløra. Og kva er fusk og avsløringar? Det er kjente ord i bjørnedyr-paradigmet.

Les også

Kunstig forskningsassistent slår ut Google Scholar

Når målet er best mogeleg resultat i form av gode karakterar, så er det rasjonelt å sjå om ein kan koma til resultatet på enkle måtar. Og det er rasjonelt for ein lærar å prøva å avsløra elevar som gjer dette.

For vi trur jo at systemet i utgangspunktet er rettvist? Og at det einaste som ikkje kan vera rettvist med det, er om elevane fuskar seg til betre karakterar?

Chat GPT trugar mellom anna skriveopplæringa. Og no er eg verken ironisk eller sarkastisk: Eg trur fullt og fast at det er viktig å ha god skriveopplæring, og at det å læra å resonnera skriftleg fremmar tenkeevna.

Og at det å skriva er kreativt og viktig for evna til å uttrykke seg, og alt som er sunt og godt for mennesket. Og eg er så einig med dei som sa i ein debatt i Utdanningsforbundet 10. januar at det er skriveprosessen som er viktig, ikkje sluttproduktet til elevane.

Så om dei hoppar bukk over prosessen, så gir det inga meining. Men det gir meining. I bjørnedyr-paradigmet. Vi fortel elevane på alle måtar, utanom norsklærarens ord, at det gir meining.

Med kunstig intelligens som stadig og raskt blir betre, meiner eg at det er på tide å røska i strukturane. Rett og slett prøva å ta livet av bjørnedyret. Vi må ha ein skule (eller kall det noko anna) som ikkje dobbelkommuniserer så til dei grader kva målet er.

Det må vere læring, kreativitet, danning, kritisk tenking, etc., alt som alle allereie er einige om, men som vi ikkje klarar å realisera no, i dette paradigmet. Elles endar vi opp i rein absurditet, der KI skriv tekstar og KI rettar dei same tekstane medan lærarar og elevar surrar rundt i ei evig samtale om riktige karakterar.

Men eg er litt pessimistisk. Bjørnedyr-skulen overlevde pandemien. Vi lærte nesten ingenting. Eksamen er tilbake i same form, trass i forskarar, elevar og lærarar som melder om at eksamensavlysinga var bra for læringa.

Det er ikkje så vanskeleg å sjå at bjørnedyrets møte med KI i første omgang vil vere meir kontroll i form av reglar og tekniske installasjonar.

Men på sikt lurer eg på om denne motstandaren er for sterk for bjørnedyret, og at vi hadde gjort det ei teneste om vi hadde avliva det før KI gjer det.

Publisert: