Joachim Laberg

Pokker, dette burde me ha undervist meir om, tenkte eg.

Elevane mine hadde eksamen, og eit av spørsmåla eksternsensor ville ha svar på var «kva er ein redaktør sin funksjon?». Eg tenkte at «no må eg bryta inn og forklare våre faglege prioriteringar, slik at ikkje elevane dummar seg ut».

Men elevane svarte godt på spørsmålet!

«Redaktøren er ein som har det overordna ansvaret for det journalistisk innhaldet». Svaret får kanskje ikkje fram alle nyansane i Redaktørplakaten, men essensen er der, og sensor verka nøgd.

Så kvifor kunne alle svara på dette, som me knapt har brukt tid på, medan pressens samfunnsoppdrag, som me har messa i timevis om, var det berre einskilde som hadde oppfatta riktig? Ein finn eit sannsynleg svar ved å sjå på korleis me har jobba med teori gjennom praksis.

Opplevd i praksis

Elevane har nemleg opplevd redaktørfunksjonen gjennom praksis, i nettavisa vår NGVmedia. Elevane har sjølve fått vera redaktørar, observert andre elevar få redaktøransvaret, eller måtta forholda seg til ein lærar i redaktørrolla. På denne måten har dei fått innsikt i ein veletablert diskurs som ikkje berre er verdifull i praktisk arbeid, men som også kan danna eit meir informert grunnlag for kritisk refleksjon. Ein slik metode kan nyttast oftare.

Etiske regelverk, modellar, teoriar. Slikt stoff blir gjerne «ting me kan noko om», men som har marginal relevans for praktisk arbeid. Misforstå meg rett. Det er ikkje slik at praktisk kompetanse må stå som den viktigaste målsetjinga, og at teori har liten eigenverdi. Habermas sine teoriar om offentlegheit kan ikkje erfarast slik redaktørfunksjonen kan. Men det er eit metodepotensial her som bør granskast grundigare.

For kan ein ikkje bryta oppfatninga om at teori og praktisk medieproduksjon må vera to ulike emne? At ein som pedagog må jobba på ulike måtar med teoretiske og praktiske ferdigheiter? Blir ikkje dei teoretiske perspektiva like interessante som ein del av ein kritisk medieproduksjon? Jo, kanskje dei blir det.

Som eit ekte mediehus

På medielinja ved Nordahl Grieg videregående skole forsøkjer me å fungera mest mogleg som eit mediehus. Dei ulike prosjekta våre skal publiserast og promoterast mot eit reelt publikum — ikkje berre mot ein lærar som skal setja ein karakter.

Ideen om å operera som eit mediehus, og ikkje berre ein skule, er spanande. Ikkje berre fordi det tvingar oss til å tenkja annleis pedagogisk, og til å vera meir aktuelle, relevante og synlege. Men også fordi det nettopp opnar for nye innfallsvinklar til å læra teori, om ein bruker det medvite slik.

Som medievitar kjenner også eg på den typen bekymringar professor Lars Nyre nyleg presenterte i sin kritikk av storsatsinga Media City Bergen (BT 21. mai). Når ein tilpassar seg den raske, praktiske og kortsiktige tenkinga som krevst av eit publiserande mediehus, kan det vera fare for at den «teoretisk, sakte og langsiktig tenking» vert «dytta inn i eit hjørne», for å bruka Nyre sine ord.

Gir kritisk refleksjon

Eg deler likevel ikkje Nyre sin bekymring. Eg trur tvert om at elevar og studentar kan skapa seg eit omgrepsapparat og ein erfaringsbakgrunn gjennom praktisk arbeid som kan danna ein kritisk refleksjon ein vanskeleg kan få andre stader. Det tyder ikkje at ein skal nedprirotera teori, eller omgjera teoretiske studie til praktiske fag. Men ein må kanskje tenkja meir på korleis praktisk erfaring kan gi større forståing for, og innsikt i, den røynda teorien skal kasta eit opplysande og kritisk lys over. Og sjølvsagt også omvendt: korleis teoretisk kunnskap kan gi meir solide, kritiske og reflekterte produksjonar. I ei tid med opprusting av kommunikasjonsbransjen og nedgangstider for journalistikken er det ekstra viktig at morgondagens utdanna befolkning både les og lagar medium med ei solid og heilskapleg forståing.

Eg var sjølv så heldig at eg fekk jobba som journalist i Sogn Avis kvar sommar medan eg tok mastergrad i medievitskap ved Universitet i Bergen. Det å lesa professor Martin Eide sitt essay om journalistiske mistak om hausten, for så å sjølv gjera eit slikt mistak om sommaren, gav med djupare forståing av både medievitskap og praktisk journalistikk.

Kan ein ikkje legga til rette for fleire slike erfaringar, nettopp ved å jobba i eit mediehus — både i vidaregåande og i høgare utdanning?