Heller i Førdefjorden enn på land

Eit deponi på land vil gje skader på miljøet i uoverskueleg framtid. Skadane ved eit sjødeponi er truleg avgrensa.

Publisert Publisert

AVFALL: Spørsmålet om land eller sjødeponi er dagsaktuelt i samband med konsesjonssøknad frå Nordic Mining AS, som vil vinne ut rutil (titanoksid) frå Engebøfjellet. Det er lett å forstå at det lokalt er sterk motstand mot sjødeponi, skriv innsendaren. Illustrasjon: Asplan Viak

Debattinnlegg

  • Einar Sletten
    Professor emeritus, Kjemisk institutt, UiB
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

Noreg er ein bergverksnasjon med lange tradisjonar attende til 1200-talet. Utvinning av mineral og metall, mellom anna sølv, koppar, nikkel, kobolt og jern har gjennom tidene vore ein viktig berebjelke for norsk industri. På 1600-talet kom Kongsberg Sølvverk i drift og utvikla seg til landets største industriverksemd. Om lag samstundes kom Røros Kobberverk i drift (1644). Teknologien ein brukte på den tida var ikkje særleg miljøvenleg etter vår tids standard. Spesielt produksjonen av koppar frå svovelkis gav store utslepp av SO2 (svoveldioksid), som reagerer med vatn og gav sur nedbør. Smeltehytta på Røros blei stengd i 1953.

For om lag 100 år sidan blei ein heilt ny prosess (flotasjon) teken i bruk for anriking av metall frå malm. Ved flotasjon blir malmen knust til støvpartiklar med storleik under 0,5 millimeter. Ved hjelp av ymse kjemikaliar kan ein behandle overflata på metallhaldige partiklar, slik at dei kan gjerast vassavstøytande (hydrofobe). Ved å blåse luft gjennom massen vil små luftbobler som heng seg på dei hydrofobe korna stige opp til overflata og bli skumma av. Dette er ein fysisk prosess der det ikkje inngår kjemiske reaksjonar. Kjemikaliane som blir brukt til flotasjon er nedbrytbare og ikkje særleg giftige.

Men prosessen er ikkje heilt problemfri med omsyn til miljøet. Den største delen av steinstøvet blir til overs og må lagrast i land— eller sjødeponi. Ved Sydvaranger gruver blir støvet, ca. ni millionar tonn i året, ført ut i Bøkfjorden (ein laksefjord) til store protestar frå fiskeriinteresser. For å hindre mest mogeleg spreiing av steinstøv i fjorden blir det tilsett eit botnfellingsmiddel (Magnafloc), som mellom anna blir brukt til reinsing av drikkevatn i vassverk. Problemet er at slammet vil dekke eit stort område på sjøbotnen og drepe alt liv så lenge produksjonen varer.

Ein parallell til Sydvaranger er Titania-gruvene i Jøssingfjorden som starta med sjødeponi i 1960. Då det i 1980 blei søkt om å utvide området til å omfatte Dyngadjupet (100 m), kom det sterke protestar frå naturvernhald. Men Miljøverndepartementet gav likevel Titania løyve til å dumpe 2,2 millionar tonn slam pr. år i sjøen.

Proteststormen la seg ikkje , og det nystarta Bellona okkuperte i 1987 kontoret til miljøvernminister Sissel Rønbeck (Ap) og forlanga landsdeponi. Eit professorutval konkluderte med at deponering i Dyngadjupet var forsvarleg, og at rehabilitering av botndyrelivet i deponiområdet ville skje innan fem til ti år. Men presset frå naturvernorganisasjonane var nå så sterkt at Syse-regjeringa gjekk med på landsdeponi på tvers av fagleg tilråding. Frå 1984 har to millionar tonn i året blitt deponert på eit areal på ein kvadratkilometer.

I eit innlegg på forskning.no (14.06.2007), med tittel «Naturvernere lager naturkatastrofe», skriv geologiprofessorane Aagaard og Bjørlykke at landsdeponiet vil representere eit miljøproblem i ukjent framtid. Grunnen er at lufttilgang og gjennomstrøyming av regnvatn vil løyse ut store mengder tungmetall, som vil sive ned i grunnvatnet. Tilsvarande problem vil ein ikkje ha i eit sjødeponi på djupt vatn, der det nesten ikkje er oksygen og stor uttynning i havet.

Spørsmålet om land eller sjødeponi er dagsaktuelt i samband med konsesjonssøknad frå Nordic Mining AS, som vil vinne ut rutil (titanoksid) frå Engebøfjellet. Her er det søkt om utslepp av seks millionar tonn slam i året for ein 50-års produksjonsperiode. Slammet vil kunne dekke ein del av botnen i Førdefjorden - kor stor del er det usemje om. Undersøking av situasjonen i Jøssingfjorden utført av Veritas viser at faunaen har kome attende i område der det var deponering i perioden 1984- 94. Spørsmålet er om ein vil godta at deler av botnen i Førdefjorden (ein nasjonal laksefjord) vil vere øydelagt dei neste 60- 70 åra. Det er lett å forstå at det lokalt er sterk motstand mot sjødeponi!

Styresmaktene står framfor eit vrient val: Deponi på land, med skader på miljøet i uoverskueleg framtid, eller sjødeponi som fører til at sjøbotnen blir øydelagt i ein lang, men truleg avgrensa, tidsperiode. Fjella i Noreg inneheld store mineralressursar, som representerer verdiar estimert til å vere større enn det vi har av olje og gass på sokkelen. Berre i Finnmark er det dokumentert førekomstar til ein verdi av om lag 260 milliardar kroner. Skal vi utnyttadesse resursane eller må vi legge ned gruvedrift i Noreg for å ta vare påmiljøet?

I ei tidlegare versjon av dette innlegget var siste setning endra til «Vi bør utnytte desse ressursane. Vi kan ikkje leggje ned gruvedrift i Noreg for å ta vare på miljøet.». Vi beklagar.

Les også:

Les også

Sjå kva dei fann djupast i vestlandsfjordane

Les også:

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Ingen miljøskandale

  2. Britisk biolog om gruveplanene i Førde: - Galskap

  3. Til angrep på havforskerne

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg