Dei medskuldige for terroren

DEBATT: I staden for polititekniske spørsmål, bør vi diskutere dei medskuldige for den veldige flaumen av vald 22. juli 2011.

Publisert: Publisert:

TERROR: Etter 22. juli var det ei brei mobilisering mot høgreradikalisme. Den viktige debatten om dei medskuldige for terroren er no tona ned, skriv artikkelforfattaren. Foto: Andersen, Aleksander

Debattinnlegg

Atle Møen
Professor, Dr. polit. Sosiologisk institutt, UiB

I ein kommentar i BT, 13. august, med overskrifta «For dei grå blant oss», synest eg at Hilde Sandvik bryt med dei mest fundamentale normer for sakleg ordskifte, gjennom ei årsaksforklaring og klassifisering av mine og andre sine meiningar og analyser, i staden for å gå inn i grunngjevne meiningsutvekslingar om dei faktiske tilhøve omkring 22. juli, og den politisk moralske samanhengen for terroren.

Aggressiv tvangsplassering

Ho set det som eg skreiv i ein kronikk i BT 23. juli inn i ein samanheng av djupe moralske motsetnader mellom, på den eine sida henne sjølv, saman med dei andre grå, fornuftige og balanserte, og på den andre sida, oss «med politisk mismot» som krev at eit stort nasjonalt «vi» skal ta eit oppgjer med alle «dei» som direkte eller indirekte støttar seg på same synspunkt som Utøya— terroristen. Sandvik gjer med dette ein aggressivt framstøyt for å tvangsplassera meg i tankeformer som er heilt framande for meg.

Les også

«I politikken er det særs få av oss som kan seiast å vere reine og ranke, svarte eller kvite»

Mitt forsøk på ein nøktern, men sjølvsagt diskutabel analyse, var fylgjande: I tida etter 22. juli var det ei brei mobilisering mot høgreradikalisme, og i denne samanhengen vart det også retta søkjeljos mot andre politiske grupperingar med ekstreme innvandringskritiske synspunkt, inkludert Frp.

Det vart også vist til at ABB hadde vore medlem av Frp, og at han hadde sagt at terroren han sette i verk, hadde vore unødvendig om Frp hadde vunne valet. Dette er saklege fakta, men eg meiner sjølvsagt ikkje at Frp var medskuldige for terroren.

Konspirasjonsteoriar

Rett etter 22. juli var det også brei konsensus om at alle burde tenkja litt ekstra over korleis den heilt legitime innvandringskritikken burde formulerast (og den mest moderate av denne er eg faktisk langt på veg einig med), mellom anna halde seg unna dei radikale konspirasjonsteoriane om Eurabia og snikislamisering.

Les også

Kva har vi lært?

Etter ei tid vart det eit gradvis skifte av fokus på kven som var skuldige og ansvarlege for terroren. Etter 22. juli-kommisjonen si innstilling, vart det konkludert med at betre terrorvern kunne ha stogga terroristen. Det vart ein diskusjon som vart prega av polititekniske spørsmål, i staden for ein diskusjon om kven som var dei eigentleg skuldige for terroren, slike som ABB og dei medskuldige høgreradikale grupperingane. Denne viktige debatten vart etter det eg kan sjå tona ned.Begge desse diskusjonane er sjølvsagt like viktige, utan at den eine diskusjonen bør avløysa den andre, og det trengst store mengder med vrangvilje for å hevda at «slik låser sosiologen frontane fast i umoglege posisjonar»

Framand bås

Men sjølvsagt er det viktig å vera kritisk mot oss som av og til formulerer kritiske analyser i media av dagsaktuelle fenomen, men Sandvik formulerer ikkje ein kritikk, ho berre set eit stempel på mine synspunkt og plasserer meg i ein bås. Og den båsen ho forsøker å plassera meg i er totalt framand for meg. Eg mislikar alle former for totale og totalitære verdssyn, og all ekstrem polarisering, også når dette vert formulert av ein BT-kommentator i ly av journalistrolla.

Kva var dei djupe årsakene og irrasjonelle grunnane til terroren?

Hilde Sandvik burde kan henda vore meir uroleg for at analyser i seriøse aviser fører til trugsmål mot skribenten, enn å forsøka med at desse analysane «representerer ein totalitær politisk tankegong med religiøse undertonar». Det siste er ein grotesk usakleg påstand.

Og ikkje minst, Hilde Sandvik: Kva var dei djupe årsakene og irrasjonelle grunnane til terroren? Kva tankestraumar var det som førte til denne veldige flaumen av vald?

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg