Landbruket treng nedbør – og Vestlandet har det

Kanskje burde me ala fram meir kjøt her og importere mindre frå turkeramma land.

Europa er råka av det som er den verste turken på kanskje 500 år, og dette går ut over landbruket. Satellittbilda frå i sommar viser at store delar av Storbritannia og Frankrike er brunsvidd.
  • Åsmund M. Kvifte og Samson L. Øpstad
    Forskarar ved NIBIO Fureneset
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Klima, jordsmonn og tradisjonar påverkar kva som er best å dyrka i ulike land og landsdelar. Når klimaendringane gjev vestlendingane meir nedbør, og fører til turke i Europa, er det viktig å tenkja gjennom ressursbruken og arbeidsdelinga i landbruket – kva me skal bruka jorda og vatnet til, og kvar.

I store delar av Europa er det alvorleg turke. Her på Vestlandet har det heller regna for mykje. Både for mykje og for lite vatn er problematisk for landbruket, og fører til dårleg plantevekst og vanskar med drift av areala som innhausting. Alt etter kva ein dyrkar, kan det vera mest problematisk med for mykje eller for lite nedbør.

Kyr på utmarksbeite kan tola ein for våt sumar og lagar menneskemat av ressursar me elles ikkje hadde nytta, meiner innsendarane.

I Noreg har me den siste mannsalderen flytta mykje av korn- og grønsakdyrkinga frå Vestlandet, Nord-Noreg og fjella til Austlandet og Trøndelag. Dette er vilja politikk, men det har òg noko med klimagrunnlaget og jorda å gjera.

Klimaendringane dei siste 30 åra har ført til meir nedbør på Vestlandet, og størst har auken vore på vinteren. Det er vorte varmare, men på hausten er det ofte for vått i jorda for god plantevekst. Hausting på våt jord kan gjera langvarig skade på jorda og jordstrukturen. I klimaframskrivingane reknar me med at det vert endå våtare og varmare enn me har sett den siste perioden.

Les også

Tørke i Sør-Europa truer matforsyningen: – Jeg er veldig bekymret

Ein åker, med korn, grønsaker eller potet, har mykje naken jord. Det er sopass lite plantedekkje, og sopass få røter, at mykje nedbør lettare kan vaska med seg jord ved erosjon. Når jord vert vaska vekk, går ho frå å vera ein verdifull ressurs på jordet til å vera ureining i elvar, vatn og fjordar. Jorda kan òg taka skade om ho er for våt i våronna. Difor er det ei fornuft i å leggja brorparten av åkrane våre dit det er turrare enn her.

Sidan det er mindre plantedekkje og røter i åkeren og betre tilgang til luft, rotnar det gjerne meir karbon enn plantane fangar. Det er eit større problem di meir karbon det er i jorda, og ytre strok med mykje regn og karbon-rik jord vert då dårlegare eigna for åkrar.

Ei eng er mindre utsett for erosjon. Graset gjev godt plantedekkje heile året, og jorda er armert med røter. Me får ikkje menneskemat direkte, men fôr for drøvtyggjarar. Kyr, sauer og geiter treng mykje vatn. Graset dei et treng vatn for å veksa godt, som med alle plantar. Dyra drikk mykje, særleg er mjølkande dyr tyrste, og drøvtyggjarane vil ha godt vatn. I tillegg trengst vatn til å halda reint, og husdyrmøka verkar betre som gjødsel om me blandar vatn i henne.

For lite vatn kan òg vera verre i dyrehaldet – det er ein mykje større tragedie at eit dyr tyrstar i hel enn ein plante. Soleis er det viktigare å ha rikeleg vatn til husdyrhaldet, og fornuftig å leggja mykje av husdyrhaldet der vassforsyninga er god nok og årviss.

I dag importerer me kring 10 prosent av kjøtet og osten me et her til lands. Brorparten av kjøtet er frå turkeramma Tyskland, men òg noko frå land med endå mindre vatn. Kanskje burde me ala fram kjøtet her til lands, heller eksportert noko so vasskrevjande til turkeramma land enn å importera det frå dei.

Les også

I denne sanden dyrker de mat

Me treng likevel dyr i åkerområde, og åker i dyreområde. Husdyrmøka frå dyra er viktig for å halda karbon-innhaldet i jorda ved like, og karbon-innhaldet er viktig for å sikra ei sunn jord som held på vatn og næring og som kan gje gode, årvisse avlingar.

Her vest kan det vera viktig med åkrar som dyrkar menneskemat, der jorda kan eigna seg for det. Eit einsidig husdyrhald kan føra til næringsoverskot: Er det mange dyr, mykje kraftfôr og små jorde, kan det bli so mykje husdyrgjødsel at ho er meir eit problem å kvitta seg med enn ein ressurs.

Det viktige er at me arbeidar for å halda på husdyr-bøndene me har i vest og nord, og for å styrkja dette miljøet. Då vil me kunna få kjøt og mjølk frå område kor vatnet til dyra ikkje konkurrerer med vatning til kornavlingar eller til menneskebruk.

Det kan hjelpa både Noreg, Europa og verda på vegen til eit fornuftig vasshushald, og vera ei god utnytting av dei avgrensa jordbruksareala Noreg har, og der ein tek omsyn til klima og jordsmonn.

Publisert: