Mindre kø med grøn byutvikling
Det treng absolutt ikkje vere handverkarane som køyrer mindre.
- Kjell Magne FagerbakkeYrkessjåfør og MDG-er

I sitt innlegg 22.1 problematiserer Christoffer Heggholmen om transportbehovet for handverkarar når grøn politikk avgrensar bruk av bil. Etter å ha køyrt lastebil i ein tiårsperiode såg eg berre at den aukande biltrafikken hindra handverkarar i å utføre jobben sin, og eg spurde meg sjølv om kva tiltak er viktige for eit smart transportsystem.
Heggholmen opnar for ein god diskusjon om plassering av industri og næring i denne byen. Historisk kan ein trekke fram Kokstad, som stadfestar hans syn om landlege plasseringar av arbeidsplassar.
Kvar gong eg hadde eit oppdrag der om ettermiddagen, kunne eg vere viss på at eg måtte ta plass i ein endelaus kø, og at eg rykka stadig lengre vekk i køen, dess lengre eg skulle.
Med etableringa av bybane til Flesland er dette retta opp for denne delen, og tilsvarande vil Bybanen til Åsane bidra, men eg er heilt einig i at rekkefølgen er bakvendt.
Eit godt prinsipp i byutvikling er at infrastruktur og tilkomst skal kome tidleg i utviklinga heller enn å flikke på i ettertid. Bybanen har gjort industriområdet godt tilgjengeleg, noko eg sjølv opplever når eg skal reparere bilen i området.
Det treng absolutt ikkje vere handverkarane som køyrer mindre, og redusert biltrafikk er her eit viktig grep. Det betrar tilkomst for dei som brukar delar av arbeidstida si på vegen.
Når det blir lagt til rette for at flest mogeleg skal kunne gå, sykle eller ta kollektiv, vil det bli betre plass og mogelegheiter for dei som faktisk må bruke bilen, til dømes handverkarar som Christoffer Heggholmen.
Store deler av sentrum kan bli buffersone rundt Bryggen
Heggholmen bringar berre feila frå fortida fram i lyset med å be om fleire parkeringsplassar ved bustadane. Forsking viser at breiare vegar og fleire parkeringsplassar gjev meir trafikk og hindringar for dei som verkeleg treng bilen. For sjølv om fleire parkeringsplassar betrar tilgjengelegheit for dei som treng bil i arbeidskvardagen, så stel det samtidig plass frå dei som vil bruke områda i nabolag til leik.
Sjølv bur eg naturnært i Sædalen og kunne godt tenkt meg færre parkeringsplassar til bustadane, og fleire naboar som ikkje har bil. Da må me òg sørgje for at bilane det blir gitt rom til, høyrer til dei som faktisk treng det. Og det krev god, miljøvennleg planlegging gjennom byutviklinga, ikkje meir av det som skapte problema i utgangspunktet.
Les mer om dette temaet
Mest lest akkurat nå
Fem naboer er fortsatt evakuert: – Det blir etterslukking hele natten
Leiter etter eldre, dement kvinne i Kvinnherad
Snart forsvinner BankID på mobil – dette må du gjøre
Rykende uenige om hva dette stoppet skal hete
Jannicke Hilland slutter som konsernsjef i Eviny
Salman Rushdie på operasjonsbordet etter knivangrep