Norske styresmakter har spelt på uro og redsel. Det har vore effektivt.

Svenske styresmakter har på si side prøvd å roe stemninga med saklege, diagrambaserte pressekonferansar.

Charlotta Schaefer undrar om nordmenn kanskje er meir lydige enn svenskar. Foto: Kjetil Alsvik

  • Charlotta Schaefer
    Svensk kvinne bosatt i Norge
Publisert Publisert
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Då eg for litt over eit år sidan forsøkte å stå opp for landet mitt gjennom å skrive «Hugs at svenskar er meir lydige enn nordmenn», visste eg lite om korleis pandemien skulle utvikla seg i 2020.

Om eg hadde visst meir om utviklinga, hadde eg kanskje formulert tittelen slik: «Hugs at svenskar vernar meir om fridom enn nordmenn» eller kanskje heilt omvend «Nordmenn er meir lydige enn svenskar». Det hadde passa betre, basert på det vi vet i dag.

Eg skreiv ikkje teksten fordi eg visste mykje om koronaviruset, men fordi forskjellane mellom politisk forvaltning i Noreg og Sverige er større enn kva ein kan tru. Og fordi den norske mediedekninga av Sverige framleis ber preg av veslebror-kompleks, noko som Noreg burde bli ferdige med ein gong for alle.

Styrkinga og utbygginga av velferdstenester, som Sverige var i framkant med på 70- og 80-talet, er no førti år seinare jamna ut. Og eg vil påstå at Sverige no ligg etter.

«Forskjellane mellom politisk forvaltning i Noreg og Sverige er større enn kva ein kan tru», skriv svensk innflyttar. Her Justis- og beredskapsminister Monica Mæland. Foto: Heiko Junge / NTB

Les også

Charlotta Schaefer: Norges gode rykte sprer seg like raskt som viruset

Det vi veit i dag, er at ikkje eingong dei som er ekspertar innan smittevern og epidemiologi, har klart å til einkvar tid vurdera kva tiltak som best vil stoppe smitten. Eit nytt virus gjer også dei faglærte rådville, og det er naivt å tru at alle tiltak for å stoppe smitte må og kan grunngjevast av ekspertise.

Når ein manglar kunnskap, er politiske avgjersler viktige for å balansera ulike omsyn, eksempelvis arbeidsløyse og rentenivå, noko som ikkje smittevern elles tek omsyn til.

Som Hilde Sandvik poengterer i radioprogrammet sitt «Norsken, svensken og dansken», har norske smitteverntiltak blitt formidla på ein meir kjenslefylt måte enn hjå dei skandinaviske grannane.

Det å spele på uro og redsel er ein effektiv måte for å få menneske til å følgje restriksjonar. Nesten stikk i strid med Sverige, som til trass for fulle intensivavdelingar, prøvde å roe ned stemninga med saklege, diagrambaserte og ikkje-emosjonelle pressekonferansar. Tiltak i Sverige vert formidla som tilrådingar, og dei er totalt avhengige av ansvarlege samfunnsborgar for å få gjennomslag.

Statsepidemolog Anders Tegnell og svenske styresmakter har hatt saklege, diagrambaserte pressekonferansar, ifølgje innsendaren. Foto: Fredrik Sandberg / TT NEWS AGENCY / NTB

Smitteverntiltak handlar i utgangspunktet om verdiar og om kva og kven vi ønskjer å prioritere i eit samfunn. Skal vi vere godtruande og stole på den enkeltes lydnad og velvilje, eller skal vi anta at menneske kan vere ubereknelege og ta urasjonelle avgjerdslar, kanskje særleg i kriser.

Dagens koronahandtering ber preg av den politikken som vi no kan sjå meir og meir av i samfunnet – vern mot det som kjem utanfrå, vern mot andre land, vern mot varehandel og vern mot kvarandre. Tiltak som kan kategoriserast som proteksjonistiske, både i tider med og utan pandemi.

Eit proteksjonistisk samfunn krev ei lydig befolkning. Folkehelse er politikk, og politikk er verdiar. Kanskje kjem proteksjonistiske verdiar til å stå sterkare enn fridom i haustens valkamp?

Publisert
  1. Koronaviruset
  2. Sverige
  3. Smittevern
  4. Norge

Les mer om dette temaet

  1. – Politikerne i Sverige har endelig våknet

  2. Sverige vil ikke bruke Johnson & Johnson-vaksinen ennå

  3. Svenske fagfolk: – Ikke gjør som oss

  4. – Kan gi korona­skeptikere vann på møllen

BT anbefaler

Tertnes trekker tiåringer fra kamp. Mener motstanderen er «et rent satsingslag».

De mener Marikollen fotballklubb er «et rent satsingslag». – Det bør være plass til klubber som oss også, svarer Morten…

LES SAKEN