Her lever landets mest robuste laksestammer

I Gjengedalen i Gloppen fell ein vassrik foss 60 meter ned i eit djupt elvegjel. Ikkje mange har sett han. Men dei som kjem ut frå gjelet, ber eit høgstemt sinn. Nå trugar kraftutbygging.

VERDIFULLE ARTAR: Ved Gjengedalsfossen lever artar som finst berre nokre få stader, skriv Erik Solheim. Erik Solheim

Debattinnlegg

Erik Solheim
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane

Gjengedalsfossen går av og til så tung at det dyn i berget under. Opp stig fosserøyken som gjer det tronge gjelet til ein oase av sjeldsynte planter. Biofokus fann så mykje som to hundre mosar her, ved og nær fossen. Her lever artar som finst berre nokre få stader. Dei er spesialistar på livet under fossen, men vare for endra kår. Lokaliteten fekk den høgste verdien som nokon naturtype kan få her i landet. Ein av artane, ein raudlista med namnet skoddemose, har sin største av kjende lokalitetar nettopp her.

Sogn og Fjordane har ingen kopi av denne kløfta i berget – eit nesten to kilometer
langt elvegjel som held drivet frå fossen på plass over ei lang strekning nedover. Etter det kjentfolk kan fortelje, er det neppe nokon parallell å finne i Hordaland eller Møre og Romsdal heller. Større fossar endar normalt i ope terreng med meir skifte av lufta, slik at væta frå fossen tørkar ut ikkje langt frå vassfallet.

I botnen av Gjengedalsgjelet rår elva grunnen. Når ho går i flaum, kan folk knapt ta
seg fram på sidene. Men då kjenner laksen, som har funne heim att frå det store havet, dragning mot straumen. Der oppe vakna han med ein rognpose til niste, og der skal ny yngel stige opp av grusen. Han og ho set kreftene inn mot straumen, og veit ikkje kvifor. Men dei må. Kampen for nytt liv er deira oppgåve. Han og ho gjer som slekta har gjort gjennom tusen somrar.

Les også

Kineserne sier nei til laks fra Hordaland

Dei høyrer til i eit bitte lite selskap av dei mest robuste laksestammane i vårt land.
Ommedalselva, som går gjennom Gjengedalsgjelet, har ein av dei 21 sterkaste. Dette har Vitskapleg råd for lakseforvaltning dokumentert i ein rapport om 148 elvar frå mars 2017. Her er nøgda av gytande fisk, og genetisk er laksen rein – nesten ikkje infisert av gen frå oppdrett. Slappfiskane som kjem seg ut av merdane, klarer ikkje å nå fram til gytegropene oppe i gjelet. På 20 år har fiskarane fått fem merdlaksar i elva, ein kvart fjerde år. Men dei som har historisk hevd på denne straumen, tek seg glatt opp til fossen, og legg nytt liv der. Utan innblanding frå mindreverdig arvestoff.

Gjengedalsgjelet har sine naturlege hindringar mot genetisk forfall. I fleirtalet av våre lakseelvar – vi hadde ein gong 650 – er tilstanden dårleg eller svært dårleg. I 2016 fann Uni Research Miljø, eit laboratorium for ferskvassøkologi og innlandsfiske, 1003 kilo hofisk i Ommedalselva. Det er 230 prosent av det målet staten har sett for gytande fisk i denne elva.

Har du meninger? Send oss en e-post. Følg BTmeninger på Facebook!

Frå denne elva kjem fiskarane attende til leirbålet om kvelden med ei stille ro i augo. Dei har kanskje ikkje fått fisk, men dei veit at elva lever frodig. Kjem praten inn på risikoen for kraftutbygging, fell ei dogg ved naserota på menn med grove nevar og strie skjeggstubbar i fjeset.

Laksen i Gjengedalsgjelet er ein av dei mest vitale stammane i vårt land, som er sjølve kjerneområdet for laks rundt heile det nordlege Atlanterhavet. I andre land er han nesten vekke. For laksen har vi eit internasjonalt ansvar, heiter det i dokument med statens stempel på. Nyleg melde Havforskingsinstituttet at lakselus drep sju-åtte av ti smolt på veg til havet frå elvar i indre fjordstrok i Hordaland og Sogn og Fjordane. Alle vil ha laksen, men han kreperer under våre innbrot i hans hus. Innsiget er nå langt under halvparten av det som var
vanleg på 1980-talet. Gjengedalen er eit av få unnatak.

Få politisk redaktør Frøy Gudbrandsens nyhetsbrev hver onsdag ettermiddag. Meld deg på her.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg