Vi ser av lesarinnlegget ditt i BT fredag 2. november at du er redd for å bli påkøyrd når du skal kryssa fylkesvegen for å koma deg til skulen og til fritidsaktivitetar.

Fyrst vil vi seia at det er svært bra at du som ung trafikant melder frå om plassar på vegen som du meiner er farlege. Særleg når det gjeld skulevegen din. Vi som bestemmer over vegane, er avhengige av innspel frå dei som brukar vegane for å kunna gjera dei så trygge som mogleg.

MÅ KRYSSE VEGEN: Sebastian (8) bur på Langhøyane i Radøy kommune. Han skreiv i BT om at han kvar dag er redd for å bli påkøyrd når han krysse ein veg med mykje trafikk for å gå til skulen.
Privat

Det er slett ikkje kjekt at du skal vera utrygg når du kryssar vegen. På denne staden har vi også tidlegare fått spørsmål om å merka opp gangfelt (fotgjengarovergang). Vi har ikkje merka gangfelt fram til i dag, fordi det har vore for få fotgjengarar som kryssar vegen her. Gangfelt merkar vi berre opp når det er mange som kryssar vegen på same plass.

Vi veit at det blir bygd fleire hus i området, og at det kanskje vil bli fleire som vil kryssa vegen i framtida. Difor vil vi følge nøye med i dette området, og gjere nye registreringar i åra framover. Dersom det er mange nok som kryssar vegen, vil vi merka opp gangfelt.

Dei som køyrer, har eit stort ansvar. Dersom det er born i eller ved vegen, skal dei senka farten, og om nødvendig stoppa heilt. Likevel er det veldig viktig at du ser deg godt for, og at du ikkje kryssar vegen før du heilt sikkert veit at bilane har stoppa. Dette gjeld uansett, anten det er merka opp gangfelt eller ikkje. Så er det også viktig at du brukar refleks når det er mørkt.

Vi vil igjen takka for at du melder frå til oss.