Eit politi som ikkje svarar, vil aldri vere eit godt politi

DEBATT: Svært mange opplever å ikkje kome gjennom på politiet sitt landsnummer 02800. Om desse er i naud eller ikkje, kan ikkje politimeisteren vite.

UTILGJENGELEG: Politiet sitt største problem er at operasjonssentralen ikkje er dimensjonert for jobben dei skal gjere, skriv Bengt Flaten, ansvarleg redaktør i Fjordingen. Foto: Heiko Junge / NTB Scanpix

  • Bengt Flaten
    Sjefredaktør i lokalavisa Fjordingen
Publisert:

Politimeister Kaare Songstad skriv i eit lesarinnlegg i BT 26. oktober at det framleis står mykje att for å nå dei ambisiøse måla i nærpolitireforma, men han meiner Vest politidistrikt er på rett veg.

Når politimeisteren skriv at 1300 dedikerte polititilsette skal ha mykje av æra for at endringane byrjar å virke, støttar vi han i det. Derimot er vi meir i tvil om alle politipatruljar får betre oppfølging frå ein meir profesjonell operasjonssentral. Kan hende er det tilfellet i nærområdet rundt Bergen. I områda lengst unna Bergen, til dømes Nordfjord, er nok opplevinga av dette variert.

Bengt Flaten Foto: Guri Haram

Det handlar både om kapasitet og lokalkunnskap, eller mangelen på begge delar. For faktum er at det skjer kjedelege feil nettopp på grunn av mangel på lokalkunnskap, samtidig som mykje må vente fordi kapasiteten vert sagt å vere sprengt. Politipatruljen som vart sendt til Eid i staden for Hornindal då ein eldre mann vart meldt sakna frå omsorgsbustaden sin, er eitt døme.

Politiet sitt største problem er ikkje patruljane ute i distrikta. Det største problemet er at operasjonssentralen ikkje er dimensjonert for jobben dei skal gjere. Dette er Songstad innom i sitt lesarinnlegg, men utan at han ser ut til å leggje veldig stor vekt på det. Han skriv i eit tilsvarande lesarinnlegg i Bygdanytt 29. oktober at «vi har i periodar utfordringar med å svare innringjarar som ikkje er i naud, og fleire redaksjonar har vore misnøgde med tilgangen til operasjonssentralen når ting skjer».

Dette er veldig forenkla, herr politimeister. Svært mange folk opplever å ikkje kome gjennom på politiet sitt landsnummer 02800. Om desse er i naud eller ikkje, kan ikkje politimeisteren vite. At media er misnøgde med tilgangen på operasjonssentralen, er eit mildt uttrykk. Media sin tilgang til politiet sin operasjonssentral er blitt svært dårleg. Å vere journalist som skal rapportere viktige hendingar, men som vert stoppa av eit politi som ikkje svarar, er ein ny situasjon etter at operasjonssentralen vart flytta frå Florø til Bergen.

Ein operasjonssentral som tvitrar om uvesentlege hendingar i Bergen og er stille om dramatiske hendingar i Nordfjord, er eit like stort problem. Sist døme er drukningsulukka i Gloppen. Politiet har stort forbetringspotensial i å svare publikum og media.

Eit politi som ikkje svarar, vil aldri vere eit godt politi. Difor må dette bli første prioritet.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg