Bokmål er ikkje språket mitt

Underteikna har aldri hatt noko imot bokmål.

JA TIL NYNORSK: Anna Sofie Ekeland Valvatne slår eit slag for nynorsk på Bybanen.

Privat
  • Anna Sofie Ekeland Valvatne
    Hordaland SV

Tvert om – det er eit nydeleg språk, og eg må ærleg seia at eg ofte har lese langt ned i ein artikkel før eg ser at eg les bokmål. Men det er ikkje mitt språk.

Mitt hjartespråk er, og har alltid vore nynorsk. Eg har vore so heldig at eg har vakse opp i verdas største nynorskkommune, der eg har blitt trygg på språket mitt. No har eg blitt vaksen og har blitt sluppen laus i den store bokmålsverda.

Les også

Les innlegget som skribenten svarar på: «Nynorsk er ikke mitt språk»

Det er altfor mykje bokmål der det eigentleg skulle vore nynorsk. Hordaland er eit nynorskfylke, det er det ingen tvil om. Likevel har fylkeskommunale Skyss nytta bokmål i Bergen, og ein har hatt bokmålskilting på Haukeland sjukehus. Tenk so mykje pengar me
hadde spart om ein berre hadde fylgt mållova til å byrja med, slik at ein ikkje måtte byta ut ein haug med bokmålskilt som ikkje skulle vore der!

Bokmålsbrukarar høyrer til majoriteten, og fleire er truleg ikkje so medvitne på kva språk dei skriv på. Dei ser språket sitt rundt seg heile tida. Slik er det ikkje for oss nynorskbrukarar. Det er forbod mot nynorsk i Dagbladet, NRK brukar for lite nynorsk, universiteta og høgskulane gir oss ikkje eksamen på nynorsk, og Univeristetet i Agder vil byta ut nynorsk med engelsk.

Me vert utsett for språktvang kvar einaste dag. Då er det viktig at det finst stadar der nynorsken har ein sterk posisjon. Hordaland er det største nynorskfylket i verda, og skal vera ein slik stad.

Bokmålsbrukarar har ikkje noko å tapa på å sjå litt meir nynorsk rundt seg, men nynorskbrukarar har mykje å tapa på å sjå meir bokmål. Det at Fylkestinget no syt for at Skyss skal bruka nynorsk i Bergen, skulle berre mangla. Slik skulle det vore til å byrja med, men det er betre seint enn aldri. No kan me endeleg få sjå hjartespårket vårt rundt oss, i heile fylket vårt. Me får moglegheita til å bli tryggare i språket, og på valet om å halda på det.

Det er både eg, og om lag 660.000 andre nynorskbrukarar, uendeleg takksame for.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg