Plukk opp etter bikkja di!

Eg blir like rasande kvar gong.

Publisert Publisert

Nokre hundeeigarar burde ikkje ha lov til å ha hund, skriv Camilla Olsen. Foto: Privat

Debattinnlegg

  • Camilla Olsen
    Bergen

Det skjer gong på gong, og seinast i dag. Eg er ute på ein fredeleg trilletur med minsten. Han søv. Eg anar fred og ingen fare. Men så kjem det, heilt umiskjenneleg, som ein lunken eim.

Varm og nylagt hundebæsj!

Lukta set alle mine brekningsrefleksar på prøve. Heile kroppen går i forsvar. Kvar ligg den nylagde kabelen? Lukta er så altfor nær. Og der, der skjer det eg fryktar. Venstre framhjul på vogna har støtt på noko seigt og mjukt.

Fotografiet dokumenterer restane av hundebæsjen, etter at innsendaren både hadde trilla barnevogna over og trødd i den sjølv. Foto: Privat

Det er så vemmeleg, og sjølv om ein umiddelbart områr seg, rekk ein det ikkje. Venstre bakhjul har køyrt gjennom same mjuke gugge av hundebæsj, og er ein skikkeleg uheldig, rekk i alle fall eine skoen å trø innom før ein klarar å manøvrere vogna vekk frå hundebæsjen.

Så uheldig var eg i dag.

Så då står eg der, då. Med bæsj på to av fire hjul, på ein sko og sinnet i kok, og med ei vemmeleg lukt kringom seg. Og kva gjer ein då?

Eg har svangerskapspermisjonen, går fleire turar til dagen med eit sovande barn og har jo opplevd dette før. Eg vert ikkje mindre rasande, men med åra har eg blitt meir løysingsorientert.

Massen av bæsj sit godt fast. Det er berre å finne første og beste sølepytt, helst ein litt stor. Desse er det heldigvis ikkje så vanskeleg å finne i Bergen.

Og så er det berre å smørje seg med tolmod. Fram og tilbake over sølepytten, gjerne med litt avveksling med å gå med skoen og trille hjula i vått gras. Dette er ganske effektivt, men det tek si tid, likevel.

Ungen, som låg sovande i sin faste trillerytme, har oppdaga endringa i bevegelsen og gjerne blitt ein misfornøgd liten kar. Det gjer ikkje den paniske trillinga over søledammen betre.

Og er ein så uheldig at det har kome bæsj opp langs sida på hjula, og gjerne med ein liten sprutbæsj på korga under vogna, ja, så er det berre å gå heim – finne vasslangen og vaskebøtta, og ønskje eder og galle over alle hundeeigarar som absolutt skal ha eit slikt firbeint vesen, men som ikkje klarar å plukke opp etter dei.

Det er langt ifrå første gongen dette skjer, og eg tippar at det er langt ifrå siste gong!

Ja, eg er vel vitande om at dei aller fleste hundeeigarar er flinke og plukkar opp etter hunden sin, men eg vert altså så rasande på hundeeigarar som ikkje gjer det.

Desse burde aldri fått lov til å ha hund.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. MDG-politiker oppfordrer hundeeiere til å la hundemøkk ligge

  2. – Uansvarlige hundeeiere setter andre i et dårlig lys

  3. Hadde du giddet å plukke opp hundebæsjen etter deg?

  4. Hundebæsj hvor enn jeg så

BT anbefaler

Lars Arne Nilsen ferdig i Brann: Slik reagerer ekspertene

Slik reagerer ekspertene på Lars Arne Nilsens avgang i Brann.

LES SAKEN
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg
  1. Hund
  2. Bergen
  3. Kjæledyr