Dine personopplysningar er trygge hos oss

Sjukehusa på Vestlandet gir ikkje lenger media personopplysningar om pasientane våre. Det er ei avgjerd som er tatt med både hovudet og hjartet.

BAKGRUNNEN: BTs sjefredaktør retta hard kritikk mot Helse Vest i denne kommentaren torsdag. Faksimile: BT 21. mars

Debattinnlegg

  • Herlof Nilssen
  • Eivind Hansen

Eit barn kjem inn på sjukehuset, hardt skadd. Ambulansearbeidarane har jobba på spreng for å halde barnet i live på veg i sjukebilen. Når dei kjem fram står eit høgkompetent team av legar, sjukepleiarar og anna helsepersonell klare. Dei er på jobb for å redde liv. Det tar berre 20 minutt før den første journalisten ringjer. Kan legen opplyse om helsetilstanden til barnet? Og samtidig spørje foreldra til barnet om dei kan la seg intervjue?

Før gav vi journalistane opplysningane dei bad om. Frå og med 1. mars 2019 gjer vi det ikkje lenger. Redaksjonane meiner dette handlar om kva informasjon sjukehusa må gi for at dei skal kunne gjere jobben sin. Vi meiner det handlar om kva informasjon vi må halde tilbake for å gjere vår.

Alle sjukehusa i Helse Vest har vedtatt ikkje lenger å gi media personopplysningar om pasientar som er til behandling hos oss etter at dei har vore utsett for ulukker eller valdshaldningar. Tidlegare har vi gitt informasjon om kjønn, alder, ulukkesstad, type ulukke/hending og eit generalisert tilstandsbilete: Lettare, alvorleg eller kritisk skadd. Vi har inga opplysningsplikt til media om dette, verken før eller no.

Les også

Les kommentaren til sjefredaktør Øyulf Hjertenes: «Mørket senker seg på Haukeland»

Vi har tvert imot ei helsepersonellov som pålegg oss teieplikt om desse opplysningane. Det er nokre få og strenge unnatak for denne teieplikta. Sjølv ikkje helsepersonell på jobb har rett på opplysningar om ein innlagt pasient med mindre det er for å gi vedkomande helsehjelp. Lova opnar heller ikkje for at vi kan gi opplysningar til politiet, sjølv om det kunne bidratt til å løyse ei sak under etterforsking. Korleis kan vi forsvare å gi opplysningar til media?

Redaktørane skriv at helseføretaka vil «overta redaktørrolla i norske media. Det er den enkelte redaktør sitt ansvar å syta for at personopplysningar eller anna informasjon som ikkje skal offentleggjerast, ikkje blir det». Det er direkte feil. Det er vårt ansvar å sørgje for at personopplysningar underlagt teieplikta ikkje blir formidla til norske redaksjonar. Vår jobb er å behandle pasientar og gjere oss fortent til den tilliten du gir oss når du legg ditt liv i henda våre.

SVARAR BT-REDAKTØREN: Det er vårt ansvar å sørgje for at personopplysningar underlagt teieplikta ikkje blir formidla til norske redaksjonar, skriv Herlof Nilssen og Eivind Hansen. Bjørn Erik Larsen / Eirik Brekke

Den lovpålagde teieplikta er ryggrada i helsetenesta. Distriktsredaktør i NRK Hordaland sa at dei ikkje ville respektere avgjerda, og at journalistane nå ville ringe sjukehusa ned. Det må dei gjerne gjere, og vi vil svare kvar gong: Du ber meg om personopplysningar eg ikkje har rett til å gi deg. BT-redaktør Hjertenes meiner vi ikkje har forstått at vi lever i eit opent og transparent samfunn. Det har vi forstått, og det vil vi bidra til gjennom å gi media og offentlegheita innsyn i verksemda ved norske sjukehus. Men openheita har ei grense. Og den grensa går ved teieplikta.

Ulukker og valdshendingar får massiv merksemd og spalteplass i media. Identifiserande opplysningar er ute på sosiale media før pasienten er nådd fram til sjukehuset. Opplysningane vi tidlegare har gitt veks når dei blir samanstilt med det som allereie er offentleg på nett. Det er ikkje uvanleg at det kjem inn pasientar som har vore utsette for vald. Også då har vi tidlegare gitt opplysningar.

Korleis kan vi vareta tryggleiken til pasientar som har vore utsett for grov og intendert vald og samtidig fortelje media at vedkomande er hos oss og kva type skader ho får behandling for? Ei mor til ein trafikkskadd gut kommenterte at ho var glad for endringa, fordi informasjon om tilstanden til sonen deira var ute på norske nettaviser før politiet hadde kontakta dei som foreldre. Dei etiske problemstillingane er mange.

Hjertenes meiner mørket har senkt seg over sjukehusa på Vestlandet. Det er vel heller slik at eit lys er gått opp for oss. Medieverda forandrar seg. Teieplikta er konstant.

Om Hjertenes og kollegaene har forslag til ei ordning som varetek omsyna til både sjukehuset og media, vil vi gjerne, og sjølvsagt, ha ein dialog om dette. Avviklinga vi har gjort er ikkje hogd i stein. Det er det berre teieplikta som er.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg