Nynorskingane er ei humørlaus, homogen gruppe

Nynorsk er eit språk for gamle vestlendingar i strikkevest, rutete skjorte og mørkebrune fløyelsbukser.

Publisert Publisert

NYNORSK: Omgrep som «grautmål» og «spynorsk» er då kjempeartig, skriv Jorunn Aske. Foto: Privat

Debattinnlegg

  • Jorunn Aske
    Høgskulelektor i norsk, Høgskulen på Vestlandet
  1. Leserne mener

Kor grufullt er det vel ikkje å måtte skrive nynorsk? Alle desse vanskelege orda som ein aldri kan få lært seg, og som stakkars ungdommar må streve seg gjennom i ein skule, der ein verkeleg hadde trengt å bruke tid på andre fag.

I staden for å bli skikkeleg god i eitt språk, vert ein passeleg god i to. Det er svært forståeleg at lærarane snakkar ned dette elendige språket, som dei kanskje ikkje meistrar sjølve, heller.

Det må då som lærar vere lov å gje uttrykk for at dette språket vi dessverre må bruke tid på, er både vanskeleg og unødvendig å lære? Sjå berre på det eg skriv her – er det vel ikkje gammaldagse ord og vendingar?

Les også

TA TESTEN: Hvor god er du i nynorsk?

Nynorsk er eit språk for gamle vestlendingar i strikkevest, rutete skjorte og mørkebrune fløyelsbukser. For å sitere komikaren Are Kalvø:

«Bruker du nynorsk, så likar du ikkje asfalt, du er glad i folkedans, eig minst ein bunad, er avhaldsmann og EU-motstandar. Nynorskfolk høyrer på folkemusikk og dopar seg på meieriprodukt.»

Dei er med andre ord ei veldig homogen gruppe, desse nynorskbrukarane. Ofte humørlause folk, som ikkje eingong kan le av vitsar om nynorsk. For det er veldig artig å lage vitsar om nynorsken, gjerne i kombinasjon med noko morosamt om distrikta, bygdene og alt dei representerer.

Ei hånande og distansert haldning til alt ein kan knytte til nynorsken, må ein vel kunne le av? Omgrep som «grautmål» og «spynorsk» er då kjempeartig.

NYNORSK: Var det så farleg om vi ikkje hadde hatt eit norsk språk i Noreg? Vi kunne gått for dansk, skriv Jorunn Akse Foto: Nito / Shutterstock

At det nynorske skriftspråket vart etablert mellom anna fordi mange snakkar dialektar som ligg nært opp til nynorsken, betyr mindre. At dansk var skriftspråket og vanskeleg for mange, kunne vel eigentleg Ivar Aasen ha late ligge.

Var det så farleg om vi ikkje hadde hatt eit norsk språk i Noreg? Vi kunne gått for dansk og likevel vore ein eigen nasjon. Snakk om å lage seg ekstraarbeid, og ikkje minst, tenk på kostnadene med å ha to jamstilte skriftspråk i dette landet.

Bøker må trykkast både på bokmål og nynorsk, og i offentleg forvalting må ein stakkars sakshandsamar skrive både nynorsk og bokmål.

I det private næringslivet står ein heldigvis mykje friare med omsyn til bruk av nynorsk. Sjølv er eg ein flittig brukar av flyselskapet Widerøe, som opererer i heile landet, frå dei største byane til rurale strok, der ein mest ikkje skulle tru at eit fly kunne lande.

Widerøe gir ut eit magasin som heiter Perspektiv, og som skal vere til inspirasjon på flyturen. Ein kunne kanskje tenkje at dette bladet som mange frå distrikta les på turen, ville spegle att det faktumet at vi har to jamstilte skriftspråk.

Heldigvis er bladet fritt for nynorsk. Og du kan vere heilt trygg, for eg har lese dei aller fleste utgåvene.

Les også

TA TESTEN: Kor god er du i bokmål?

Heldigvis er bokmål også språket både i dei store riksavisene, den kulørte vekepressa og i magasin flest. NRK har diverre retningslinjer for bruk av nynorsk, så der slepp ein ikkje unna.

I tekstinga av nokre utanlandske filmar må NRK nytte nynorsk. Det gjer dei veldig tydeleg ved å nytte hypernynorske former som hjå, ljos og viljug, i staden for hos, lys og villig. Det er veldig bra. Då kan nynorskmotstandarane gripe denne typen ord med stort begjær, eller griskleik, som NRK nok ville ha skrive.

Godt er det også at nynorsken vert krenkt i humorseriar som «Best før» på TV 2. Hovudpersonen Lena insisterer på å bli med på skogstur for å sjå tiurleik, men poengterer raskt at tiurleik høyrast «utrolig kjipt og nynorsk ut».

Når slike utsegner og haldningar blir synleggjorde jamt og trutt, vil nok nynorsken måtte seie takk for seg til slutt. Gudskjelov.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg