Sjukeheimane må ta meir omsyn til dei pårørande

Mannen låg sjølv på sjukehus då han fekk beskjed om at mor hans hadde gått bort.

Publisert: Publisert:

BRUTALT: Albert Kjetland reagerer på måten romkameraten fekk beskjed om å rydda ut av mora sitt sjukeheimsrom. Foto: Illustrasjonsfoto: Shutterstock/NTB Scanpix

Debattinnlegg

Albert Kjetland
Masfjorden

Eg møtte han fyrste gong nyleg, på eit sjukehus i Bergensområdet. Ved eit tilfelle hamna me på same rom, og med same problem: Ein dårleg rygg som måtte opererast.

Me fekk difor straks god kontakt og hadde mykje å snakka om. Etter litt skjøna eg at han også hadde eit anna problem som kanskje tyngde like mykje som ryggen.

Han fortalde meg då kva han hadde opplevd dei siste dagane, ei soge som var både utruleg og opprørande. Eg syntest ho burde bli kjend av fleire, og fekk lov å skriva ho ned. Kanskje nokon kan ta lærdom av korleis han møtte praktiseringa av reglane då ein av hans næraste gjekk bort.

Han vart innlagt på sjukehuset ein måndag nyleg og vart operert dagen etter. Då døydde mor hans (88) etter ei hjernebløding. Kl 13.30 neste dag fekk han telefon frå sjukeheimen, der mora budde på slutten: Rommet til mor måtte ryddast same dag og alt fjernast til den minste biletspikar i veggen.

Han prøvde då å forklara vedkomande om sin situasjon: At han låg nyoperert på eit sjukehus, og at han vanskeleg kunne organisera noko utflytting frå sjukeheimen der og då. Men slik var reglane, og dei måtte følgjast.

Kunne han ikkje gjera det sjølv, hadde han vel familie som kunne stilla opp? Frå sjukesenga måtte han difor mobilisera heile sin familie, og først seint på kvelden var dei ferdige. Alt innbu som mor hadde med seg på heimen, vart stua inn i ein varebil i all hast, og rommet vart rydda.

Les også

Sjukepleiar: – Kva er verdien av ei hand å halde i?

Alle som var innom sjukerommet dagen etter, og dei var mange, fekk høyra. Han måtte berre fortelja korleis han opplevde det, og han trong å bli trøysta. Og alle reagerte på same måte, og hadde same meining: Dette var for brutalt, ja, reint umenneskeleg.

Ein slik praksis og eit slikt samfunn vil me ikkje ha. Der menneske i sine mest sårbare og vanskelege livssituasjonar blir møtte med rigide krav og reglar. Når det ein treng mest, nettopp då, er ei hjelpande hand, varme og omtanke, og nokon som forstår.

Det høyrer med til soga at familien til mannen fekk ny tilbakemelding frå sjukeheimen, om kvelden etter at rommet var rydda. No hasta det ikkje så hardt likevel. Den nye leigebuaren kunne truleg venta til måndag.

Eg vonar dei som administrer sjukeheimsplassane, for ettertida og i liknande situasjonar, kan møta dei pårørande på ein meir smidig og menneskeleg måte: At ein først gjer seg kjend med dei etterlatne sin situasjon, og gjev dei tid til både å sørgja og tenkja gjennom alt som må organiserast og gjerast, før dei gjev melding til ny innflyttar.

Så kan siste kapittelet i ei mor sitt liv kanskje bli avslutta på ein meir verdig måte, og dei som sit att kan få tid til å sørgja og minnast i vemodig og roleg ettertanke. Før dei tek ned og køyrer bort hennar siste kjære eignelutar.

For å avslutta med det positive. Mannen har berre godt å seia om den sjukeheimen der mora budde. Hans eigne ord: «Min mor stortreivst, og betre kan ein ikkje ha det i livets siste fase».

BT har vore i kontakt med pasienten som innsendaren skriv om. Han stadfestar historia. Av sjukeheimen får BT opplyst at dei pårørande normalt får to-tre døger til å rydda rommet etter eit dødsfall.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg