Ja til kontantstøtte
Skal vi vere såpass rause i dette samfunnet at vi torer å lette litt på arbeidslinja?
MINDRETAL: Dei aller fleste familiar nyttar seg faktisk ikkje av kontantstøtta, det store fleirtalet av eittåringar går i barnehage, skriv Kjersti Toppe (Sp). Foto: Knut Egil Wang
Debattinnlegg
BT går på leiarplass til frontalangrep på kontantstøtta. Spekter sin nylige rapport viser at 66 prosent av 1-åringar med foreldre med bakgrunn frå såkalla ikkje-vestlege land, går i barnehage. Spekter meiner at kontantstøtta difor er ein trugsel mot kvinners yrkesdeltaking.
BT følgjer opp og skriv at staten bør verken betale for eller oppmuntre til at foreldre er heime med småbarn. Arbeidarpartiets Anette Trettebergstuen toppar det heile og kallar kontantstøtta for «galskap» i Fri Fagbevegelse 19. november.
Men kvifor dette hatet mot kontantstøtta? Nærast to av tre innvandrarfamiliar har eittåringen sin i barnehage. Trass i kontantstøtta. For etnisk norske er talet over 80 prosent.
Dei aller fleste familiar nyttar seg faktisk ikkje av kontantstøtta, det store fleirtalet av eittåringar går i barnehage. Så kva er problemet? Er det eit mål at 100 prosent av eittåringane skal gå i barnehage?
For meg er det eit større problem at familiar føler seg pressa til tidleg barnehagestart, også på grunn av ei foreldrepermisjonsordning som skal vere så likestilt.
Så likestilt at kvinner ikkje eingong kan følgje dei anbefalte ammeråda. Kvifor er det heilt greitt med foreldrepermisjon i 59 veker med 80 prosent løn, mens kontantstøtte frå barnet er 13 til 23 månader er galskap?
Kontantstøtta hindrar integrering og fører til dårlegare norskkunnskapar, blir det hevda. Kanskje det. Men no hevdar språkforskarar det motsette – det er ingen automatikk i det å starte i barnehagen som eittåring og det å utvikle ferdigheiter i norsk til skulestart.
Dessutan er kontantstøtta tatt bort for 2-åringar, og frå 1. juli 2017 må du ha minst fem års medlemskap i folketrygda for å få rett til uttak. Integreringsargumentet er sterkt svekka.
Spørsmålet som ein må tore å stille er om det er eit mål at absolutt alle småbarn skal starte i barnehagen frå den dagen dei fyller eitt år, eller helst tidlegare.
Eller om vi skal vere såpass rause i dette samfunnet at vi torer å lette litt på arbeidslinja og støtte også dei familiane som vil utsetje barnehagestart nokre månader eller meir.
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg
Les også
Mest lest akkurat nå
NHH-studenter fikk sensors personlige notater ved en feil
Debatt: – Vi bruker feil medisin mot klimaendringene
– En myte at fattige sløser bort pengene sine
Rundstjålet av strippere
Fergen «Fedjefjord» grunnstøtte på vei til Fedje: – Jeg ble vettskremt
Debatt: – Kommer du nyklippet på skolen, får du et hardt slag i nakken