Teknologi tek over

Vi er små menneske med stadig større teknologiar, og vi kan ikkje fortsetje å tenkje som før.

Publisert Publisert

ROBOT-FRAMTID: Maskiner baserte på kunstig intelligens kan erstatte menneske i mange slags jobbar i åra framover, skriv Lars Nyre. Foto: Phonlamai Photo / Shutterstock / NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Lars Nyre
    Professor i medievitskap ved Universitetet i Bergen og professor II i medievitskap ved Universitetet i Stavanger

To professorar er kritiske til Bybanen sine planar om å teste sjølvkøyrande vogner. Ragnar Fjelland ynskjer at dyktige fagfolk skal køyre bane, og meiner at sjølv om både menneskelege og kunstige vognførarar kan gjere feil, er mennesket dyktigare.

Kari Wærness vil at berre menneske skal ha ansvar når det skjer ulukker, og spør om det er «eier eller programmerer som må stilles til ansvar når førerløse ulykker skjer?».

TEKNOLOGI: Det er viktig at vi får ei meir nyansert forståing av teknologifenomenet i offentlegheita, skriv Lars Nyre. Foto: Jan M. Lillebø

Maskiner baserte på kunstig intelligens kan erstatte menneske i manuelle så vel som intellektuelle prosessar, og professorane gjer rett i å peike dette ut som problematisk. Men sjølv om dei har gode poeng, har dei samtidig ei ganske idealistisk teknologiforståing. Det er vanleg for humanistar å meine at menneska styrer teknologiutviklinga gjennom kreativitet, konkurranse og samarbeid i grupper.

I mange tilfelle er det statlege institusjonar, styre, råd og utval som tek avgjerdene om kva teknologiar som skal innførast eller ikkje. Det verkar som menneska styrer teknologiutviklinga med fri vilje og fast hand.

Men teknologiar er berre underordna menneska viss dei er nøydde å ha same typen handlekraft og åtferd som menneska, for å få tilkjent status som ein handlande agent. Sjølv om internettet ikkje får nervesamanbrot, og robotar ikkje hjelper gamle damer over gata, har dei andre eigenskapar som set føringar på kva handlingar som går an å utføre.

Les også

– Om ti år er Bybanen førerløs

For å kome inn i ein post-humanistisk måte å forstå teknologi på, må vi akseptere nokre av premissane til teorien om teknologisk determinisme. Dette er ein kjent og utskjelt teori, som føreset at menneska ikkje eigentleg har særleg god kontroll over utviklinga, og at det finst ei vesentleg handlekraft og moralsk retning i teknologiane sjølve.

Menneska kan ikkje velje å bruke dei, eller å ikkje bruke dei. Utviklinga av betre og meir kraftfull teknologi er ustoppeleg, sjølv om den vart sett i gang av og vidareført av menneske.

Filosofen Martin Heidegger var svært bekymra for menneska sin stadige delegering av ferdigheiter til moderne teknologi, og skreiv om dette allereie på 1950-talet.

Eit menneske er best tilpassa teknologiar som fungerer i liten skala. Heidegger oppfattar slike handverksteknologiar som positive for menneska. Keramikk, snikring, muring, sying, skriving og lesing har eksistert i tusenvis av år, og teknologiane som ligg til grunn, er tilpassa til menneskekroppens storleik og yteevne. Handverksteknologiar akkumulerer ikkje nye krefter, og dei er permanent underordna mennesket sin frie vilje.

Moderne teknologi er heilt annleis. Den utviklar seg saktare enn eit menneske, men har mykje større stabilitet og kan akkumulere funksjonar på ein heilt annan måte enn menneske. Både kommunikasjonskanalar og maskiner har vorte stadig meir avanserte, effektive, mobile og kopla saman.

Ingeniørar kan delegere handlingar og deira moralske implikasjonar til moderne teknologi, men deretter vert dei ein del av den akkumulerte yteevna til nettverket i heilskap. Ingeniørar skiftar jobb, pensjonerer seg og døyr, medan moderne teknologi vert sterkare og meir velutvikla år for år.

Les også

Kari Wærness: – Bybanen bør ikkje vere førerløs

Moderne teknologi, i motsetnad til handverksteknologiar, kallar Heidegger for «ståande beredskap». Dette litt rare uttrykket viser til at teknologien alltid står klar til å yte sin effektive funksjon. Menneska er svake samanlikna med det globale nettverket av kommunikasjonskanalar og avanserte maskiner som omgjev oss, og det forandrar ingenting at vi har laga dei sjølv.

Det er gode grunnar til å vere bekymra for kva som vil skje, dersom slike maskiner overtek ansvaret for kollektivtransport og andre viktige funksjonar i samfunnet. Men så lenge menneska oppfattar seg sjølve som ansvarlege for teknologiutviklinga, vil det i praksis vere uråd å snu den.

I det norske samfunnet anno 2020 finst det få eller ingen initiativ som føreset aktiv motstand mot akkumulasjonen av funksjonar. Tvert imot finst det eit underliggande imperativ som seier: følg teknologistraumen! Næringslivet, universitets- og høgskulesektoren, statlege utval og regjeringspolitikk bygger opp alle opp under dette imperativet.

Les også

Styreleder i Bybanen AS: «Bybanen bør utrede førerløse vogner»

Finst det andre alternativ? Nei, eigentleg ikkje, vil ein post-humanist måtte svare. Det ville vera ein rein fiksjon å prøve å endre teknologiutviklinga, til dømes ved å lage teknologiar som skapte perfekte livsforhold for menneska i Noreg ut frå vår geografi og kultur, og som var systematisk svakare enn menneska. Noreg måtte ha brote kontakten med resten av verda og bygd eit slags Amish-samfunn, for å unngå å verte påverka av alle koplingane som akkumulerer seg globalt.

Ein slik menneskeorientert teknologipolitikk ville ha skapt risiko for økonomiske nedgangstider og medført ein underleg konflikt mellom dei som var samde i å gjennomføre denne ombygginga, og dei som ynskte å vere med på akkumulasjonen av teknologi.

Teknologiar har makt til å ta over arbeid som menneska gjorde før, og denne makta aukar år for år. Vi er små menneske med stadig større teknologiar, og vi kan ikkje fortsetje å tenkje som før. Det er viktig at vi får ei meir nyansert forståing av teknologifenomenet i offentlegheita.

Vi må ta høgde for at teknologiar er i ferd med å få nettopp ei slik handlekraft og eit slikt moralsk ansvar som Wærness og Fjelland ikkje vil gje dei.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg