Bergen stinkar for lite

Søppel er eit aukande problem, og vi må snakke om det.

_Z7A0203_2.jpg Foto: Odd E. Nerbø

  • Kristine Ullaland
    Sosialantropolog og skribent i Grønare kvardag
Publisert:

26. oktober opnar Bergen sitt nye underjordiske søppelnett, men i likskap med fjerning av tiggarar og narkomane frå byens gater, vil ikkje problemet forsvinne sjølv om vi gøymer den vekk. Søppel er eit aukande problem, og vi må snakke om det.

Før var det viktig å bu på vestkanten, slik at vestavinden kunne blåse vekk den ubehagelege stanken av boss som låg strødd, over på austkanten. I dag tenker vi ikkje lengre over stanken frå søppelspanna. Dei blir tømt av renovasjonsarbeidarar. I Bergen kommune har vi til og med fått eit underjordisk søppelnett, som skal spare oss for det uflatterande, ubehagelege og luktande søppelet.

Kristine Ullaland.

Noreg toppar statistikken i verda med 28,4 kilo elektrisk avfall pr. person i 2014, ifølgje FN. I tillegg rapporterer SSB at vi kasta i snitt 46,3 kilo matavfall i 2014. Berre i løpet av dei siste 20 åra har vi om lag dobla vekta med avfall pr. person. Vi forheld oss til søppel kvar dag, men det er så integrert i kvardagen vår at vi i ikkje ensar det. Og med det nye underjordiske søppelnettet, treng vi ikkje lenger å lure på kva vi skal gjere med søppelspannet som er overfylt allereie tre dagar før bosstømming.Det er ubehageleg når folk går igjennom og plukkar av hushaldningssøppelet vårt. Kva vi kastar seier mykje om vår livsstil. Men sett frå ein anna vinkel kan ein sei at dette er ei ressursutnytting. Flasker vi ikkje orka å pante, poteter vi ikkje rakk å koke, eller genseren vi ikkje lenger likar, blir i Bergen sentrum ofte henta opp av andre. Menneskeheita har lange tradisjonar med å utnytte ubrukte ressursar frå andre sosiale klassar.

Les også:

Les også

Snart klart for bossug

I Bergen blir energien i restavfallet vårt henta ut gjennom forbrenning. Det er flott at BIR og Bergen kommune har byrja å sjå søppel som ein ressurs. Utfordringa med dette er at forbrenning ser ut til å bli lovprisa, utan at nokon stiller særleg spørsmål ved at vi stadig kastar meir. Vi må gå til kjelda av problemet. Vår kvardag består i altfor mykje unødvendig søppel og kommunen må, i samarbeid med næringslivet, legge opp til at det blir tilrettelagt for bærekraftige val i Bergen kommune.

Vi bør levere tilbake jordkloden i same stand som vi fekk den i.

På mange måtar burde vi tenke på vår tid på jorda som vi tenker på leige av ei leilegheit. Vi bør levere tilbake jordkloden i same stand som vi fekk den i. Kva framtid vil vi legge til rette for i Bergen?

Vi kan ikkje gøyme oss bak teknologi som endå ikkje har kome. Vi må minske vårt konsum av varer, ta vare på dei eigendelane vi har og endre tankegangen rundt søppel. Økonomien vil ikkje stoppe opp av den grunn. Lat oss bli ein føregangskommune i Norge.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg