Me har ikkje gløymt

Som utanriksminister i USA gjorde Kissinger seg skuldig i ei rekkje krigsbrotsverk.

UTANRIKSMINISTER: Henry Kissinger var USAs utanriksminister frå 1973 til 1977. Scanpix

Debattinnlegg

  • Ivar Jørdre
  • Terje Alnes

Henry Kissinger kjem til Oslo for å delta på Nobel Peace Prize Forum. Me synest dette er graverande. Kissinger var ein av verdas mektigaste for over 40 år sidan. Me har ikkje gløymt hans brotsverk:

Som utanriksminister i USA gjorde han seg skuldig i ei rekkje krigsbrotsverk. Han bidrog til ei opptrapping av krigen i Vietnam. Krigen tok livet av 3,8 millionar menneske. Han gav ordre til massiv bombing i Kambodsja. Minst 500.000 fattige bønder vart drepne. Kissinger godkjente at marionetten Suharto drap 200.000 aust-timoresarar etter den indonesiske invasjonen i 1975. Han samarbeida med fascistregimer i Latin-Amerika, med Franco i Spania og med militærjuntaen i Hellas.

Kissingers brotsverk er godt dokumentert. I ein e-post har rektor ved Universitetet i Oslo svara oss at «universiteter skal være arenaer for debatt. Det ligger i vårt samfunnsoppdrag. Vi mener at dette oppdraget også gjelder for kontroversielle debatter og debattanter, og til tross for at det kan skape reaksjoner».

Me trur ikkje at eit universitet ville ha invitert ein «Milosevic» eller ein «al-Bashir». Kissinger er i høgste grad ein slik person. Men sidan han har vore ein leiar for eit vestleg demokrati, kvitvaskas han. Ein norsk rettsinstans bør sjå til at internasjonal rett vert brukt mot Henry Kissinger.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg