Dei blinde og griske

Kjære regjering og rettsvesen, det er ikkje vi som protesterar som held på med miljøkriminalitet.

OMSTRIDT: Klima- og miljødepartementet har gitt tillatelse til utslipp av gruvemasser i Førdefjorden. Naturvernforbundet mener det er i strid med FNs nye bærekraftsmål. Foto: Odd E. Nerbø

  • Silja Eiken Mannes
    Talsperson for Grønn Ungdom Hordaland
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over fem år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Finst det krefter som kan stå imot kortsiktig profittjag som øydelegg dei berekraftige ressursane i landet vårt? Finst det våpen som kan la langsiktig tenking og berekraft vinna over blind og grisk framferd?

Silja Eiken Mannes.jpg

Vi har sagt ja til å la Nordic Mining totalrasera Engebøfjellet og Førdefjorden. Norges ungdom, naturvernorganisasjonar, lokale krefter, reiselivet, sjømatnæringa, internasjonal fordømming, faglege råd frå myndigheitene sine beste ekspertar, og miljøparagrafen i grunnlova – er dette motrøyster som maktar å stoppa korttenkte politikarar? Moren forteller:

Les også

«Jentene trudde dei skreiv under ei oppmoding om betre buss. Plutseleg var dei medlem av AUF.»

Tydelegvis ikkje ! Regjeringa klarer å gje løyve til å kverna opp Engebøfjellet til giftig gruveslam og strø det utover fjordbotnen i Førdefjorden. Miljødirektoratet sa nei. Regjeringa tok ikkje eit nei for eit nei. Dei pressa på, og bad direktoratet tenkje meir på samfunnsøkonomiske omsyn. Når Miljødirektorat tenkte mindre miljø og meir økonomi, vart fjorddumping ikkje lenger miljøgalskap.

Vi har valt mellom 300 jobbar i 50 år, og den evige ressursen reine fjordar. Den blåblå regjeringa valte den kortsiktige profitten. For ein gongs skuld kom avgjersla om profitt framfor fornuft faktisk som eit sjokk. Vestlandsfjordane har gjeve oss mat og jobbar i meir enn 1000 år, og kan halde fram med det i 1000 år til. Men, berre om me ikkje øydelegg dei. Raseringa av Engebøfjellet og Førdefjorden er eit av mange eksempel på at vi ikkje evnar å sjå verdien i økosystema våre.

Demonstrerte mot gruvedeponi i Førdefjorden:

Les også

Tre partiledere arrestert av politiet

Vi har eit grunnleggjande problem i samfunnet. Samfunnsøkonomar maktar ikkje å setje tal på verdien av fjordane våre, og har berre auge for den kortsiktige profitten gruva vil gje. Den som ikkje ser kostnaden av å øydeleggje ressursgrunnlaget, evnar ikkje å sjå kva prosjekt som vert faktisk lønsame.

Grøn Ungdom er lei av krigen regjeringa fører mot naturen i økonomiens namn. I eit berekraftig samfunn nyttar ikkje gruveindustrien gammaldagse metodar for handtering av avfall og, ikkje minst, vi tek vare på matfatet vårt og artane i fjordane våre.

Unge, hardnakka aktivistar har i det siste lenkja seg til arbeidsmaskinene, for å stoppa galskapen. Desse unge, modige oppegåande aktivistane er nå saksøkte av Nordic Mining. Grøn Ungdom, saman med Natur og Ungdom og tilreisande frå heile landet, er blant dei som har lenkja seg.

Kjære regjering og rettsstell, det er ikkje vi som held på med miljøkriminalitet. Rett skal vere rett. Det er ikkje og har aldri vore forsvarleg å gje Nordic Mining løyve til å rasera fjell og fjord. Det er nesten så Dovre fell – kanskje me skal leggja det òg ut på anbod.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Maren (5) blei henta med luft­ambulanse etter mistanke om hoggormbitt

– Det var ei skremmande oppleving, seier mor Liv Myklebust. Rekordmange har kontakta Giftinformasjonen om hoggormbitt i…

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Disse endringene trer i kraft fra mandag

  2. Hever risikonivået for smitte i Bergen

  3. – De er bare irriterende

  4. – Veikt av NRK å slette dette programmet

  5. Her gikk mannen av etter at han skal ha blitt utsatt for vold

  6. Er det trygt å blande Pfizer og Moderna-vaksine? Her er åtte spørsmål og svar.