Eit bussmysterium

Skyss meiner visst at éin buss på natta er nok til å ta imot dei nye studentane som er i Bergen for første gang.

Publisert: Publisert:

MANGLAR: Mange har stilt opp for å ta vare på våre nye studentar under fadderveka, men éin aktør manglar: Kor er alle bussane og vår kjære bybane, spør innsendar. Foto: Eirik Brekke (arkiv)

Debattinnlegg

Morten Stene
Listeleiar Gul liste, Studentparlamentet

Klokka har slått eitt på natta, siste bybane er gått, og som faddervakt er det berre ein ting igjen å gjere: Sørgje for at alle kjem trygt heim.

Mange har stilt opp for å ta vare på våre nye studentar under fadderveka, men berre ein aktør manglar. Kor er alle bussane og vår kjære bybane?

Det er ein som roper at det går buss klokka 02 frå Olav Kyrres gate. Eg lurer nå litt – er ikkje det litt seint? Men eg tenkjer litt naivt at Skyss har full kontroll. Klokka går, og litt over klokka to kjem ein einsam 83-buss til busstoppet, den som går mellom Øyjorden og Nesttun via Fantoft. Det blir full panikk. Er det den einaste bussen som kjem, tenkjer mange.

På busshaldeplassen står det nok personar til å fylle ein bybane, og dei veit at det ikkje er plass til alle. Men Skyss meiner visst at ein buss er nok til å ta imot dei nye studentane som er i Bergen for første gang.

Bussen går, og på haldeplassen står resten av studentane, fortvila over at dei må finna ein anna måte å kome seg heim på. I møte med Bergen og regnet tar dei fleste beina fatt og spør seg sjølv kor det blir av bybanen og bussane.

Publisert:
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg