Marin forsøpling er alle sitt ansvar

Kvardagsheltar som Hans Lauvvik er ein del av løysinga.

MIDLAR TIL TILTAK: I 2018 løyver vi 80 millionar kroner til over 70 frivillige tiltak i landet. Skal vi greie å kjempe mot eit slikt globalt problem som plast i verdshava er, vil midlane til regjeringa vera viktige, skriv Liv Kari Eskeland (H) Elias Dahlen

Debattinnlegg

Liv Kari Eskeland
Stortingsrepresentant (H), energi- og miljøkomiteen

Berre i år skal Noreg bruka 250 millionar kroner på marin forsøpling. Det er då underleg at Hans Lauvvik, ein av kvardagsheltane i kampen mot marin forsøpling, seier til Bergens Tidende 14. mai at Erna Solberg ikkje forstår omfanget av marin forsøpling.

Skal vi forstå innsatsen som regjeringa legg ned for å kjempa mot plast, må vi sjå kva på som vart gjort før. I 2013 brukte vi eit par hundre tusen kroner til å kjempa mot marin forsøpling. Til saman brukar vi – berre dette året – 250 millionar kroner. Endeleg er det sett i verk ein brei offensiv mot marin forsøpling og mikroplast i havmiljøet, både nasjonalt og internasjonalt.

Samstundes som vi har teke grep mot marin forsøpling i Noreg, veit vi at dette ikkje er eit norgesmesterskap. Kampen mot plast er eit verdsmeisterskap, og Noreg har teke på seg leiartrøya. Arbeidet vårt har sett saka høgt på den globale hav- og miljøagendaen gjennom systematisk arbeid blant anna i FNs miljøforsamling. Arbeidet resulterte i 2017 i semje om ein internasjonal nullvisjon for tilførsel av plast til verdshava. Her er det ein føresetnad at vi har FN med på laget om vi skal rydda alle verdshava.

Les også

MDG vil forby all engangsplast

Sjølv om stadig fleire land tek marin forsøpling på alvor, vil vi aldri koma i mål før heile verda endrar kurs. Tidlegare i år lanserte regjeringa difor eit internasjonalt høgnivåpanel for berekraftig havøkonomi. Panelet vert leia av Erna Solberg og består av ei rekkje statsleiarar frå heile verda. Saman skal dei skapa auka internasjonal forståing for at berekraftig bruk av havet gjev betre miljø, men òg høgare verdiskaping.

15. mai lanserte regjeringa det reviderte nasjonalbudsjettet. Etter lanseringa vart kampen mot plast trekt fram som budsjettvinnaren. I statsbudsjettet foreslår regjeringa å styrkja bistandsprogrammet mot marin forsøpling med 130 millionar kroner i 2018 . Bistandsprogrammet er ein viktig del av regjeringa si havsatsing og eit tydeleg norsk bidrag i det globale arbeidet for berekraftige og reine hav.

No har eg peikt på ei rekkje tiltak sett i verk av denne regjeringa, men kvardagsheltar som Hans Lauvvik er óg ein del av løysinga. Ikkje berre fordi dei utgjer ein skilnad, men fordi dei bidreg til å leggja press på politikarane, og det set plastforurensing på agendaen.

I 2018 løyver vi 80 millionar kroner til over 70 frivillige tiltak i landet. Eit døme på eit tiltak under tilskottsordninga er ei forsøksordning for båtvask i staden for bruk av botnstoff. Båtvask veit vi reduserer spreiing av mikroplast og miljøgifter.

Marin forsøpling er alle sitt ansvar. Difor er dagar som strandryddedagen viktig. Difor er kvardagsheltar som Hans Lauvvik ekstra viktig. Og difor er satsinga til regjeringa viktig. Skal vi greie å kjempe mot eit slikt globalt problem som plast i verdshava er, vil midlane til regjeringa vera viktige. Men det viktigaste bidraget er den internasjonale leiartrøya Erna Solberg og Noreg har teke på seg.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg