BT svartmåler Elon Musk

Sjølv om åtferda hans på sosiale media er problematisk, bør ikkje dette overskugge prestasjonane hans.

HØG STJERNE: Innsendaren samanliknar industrimagnaten Elon Musk med andre visjonære leiarar, som borgarrettsforkjemparen Martin Luther King jr. og kvinnesakspioneren Susan B. Anthony. Foto: Kiichiro Sato / TT NYHETSBYRÅN

  • Frank Helle
    Lektor
Publisert:

Gutane som sat fast i Tham Luang-gruva ville sikkert undre seg over Morten Myksvoll sitt utfall mot Elon Musk i BT 14. juli («Den heilage direktøren»). Dei ville kanskje tenkt at ein miniubåt var et godt alternativ til førstegangsdykk i ei grumsete og trong gruve. Lite ville dei brydd seg om oppfinnaren var ute etter merksemd eller ikkje.

Musk sine ingeniørar konstruerte på kort tid ein miniubåt som kunne frakte gutane ut av gruva gjennom smale passasjar. Ubåten vart bygd i samarbeid med dykkaren som fann gutane, Richard Stanton, og leiinga hans, og vart testa og tilpassa grottesystemet. Alt på mindre enn to dagar. Sjølv om ubåten ikkje vart nytta, vil det thailandske dykkarteamet behalde miniubåtteknologien til framtidige behov.

Musk fell inn under kvalifikasjonane til resten av det internasjonale hjelpekorpset: vilje til å hjelpe, relevant kompetanse og unike ressursar. Men kva var det med akkurat Musk sitt bidrag som var så provoserande for mange, mellom anna på Twitter?

Les også

Les kommentaren som denne teksten er eit svar på: «Den heilage direktøren»

Ei forklaring kan vere personlegdomen til Musk, som bl.a. kjem til syne i den svært kritikkverdige omtalen av Vernon Unsworth på søndag. Den britiske grotteforskaren vart kalla «pedo» etter å ha risikert livet i den krevjande redningsaksjonen. Hendinga er ikkje unik. Siste året har Musk avbrote børsanalytikarar midt i kvartalsmeldinga, gjort harde utfall mot investorar som shortar (veddar mot) Tesla-aksjen, og nærast mobba den Tesla-kritiske journalisten Linette Lopez. Åtferda har skapt mistru både på børsen og blant Musk sine eigne. Heldigvis orsaka Musk seg til Unsworth, investorar og selskapa sine på tysdag.

Musk er ein problemløysar som nyttar eigen ekspertise og ressursar, for eksempel nytta han teknologi frå Tesla Energy til å støtte elnetta i kriseramma Australia og Puerto Rico. Med The Boring Company ønskjer Musk å betra den traumatiske trafikksituasjonen rundt Los Angeles. Men også dette initiativet blir stempla som banalt, sidan tunnelen allereie er funne opp. Forretningsideen er midlertidig ikkje berre at dei skal lage tunnelar, men at dei skal gjere det så billig at det blir forretningsmessig lønsamt på mange belasta strekningar i USA og verda elles.

Det Myksvoll er mest bekymra over, er Musk sin kultstatus. Sidan landsmannen Donald Trump også har ein følgjarskare, nyttar Myksvoll «Mor Nille er en sten»-argumentet for at Musk også har ein negativ samfunnspåverknad. Erasmus Montanus-argumentet blir, utan at eg heilt forstår retorikken, underbygd med diverse trivielle anekdotar om Musks rustande bilboltar, irritasjon over fagrørsla, staheit i møtet med kritikk og nokre naive juridiske og demokratiske samfunnssyn.

Les også

Robotene er allerede smartere enn oss. Kan de bli snillere enn oss også?

Sjølv om åtferda på sosiale media er problematisk, bør ikkje dette få svartmåle prestasjonane hans. Musk har til no vore programmeraren som pionerte gule sider og betaling på nett, romfartsingeniøren som gjorde verdsrommet meir tilgjengeleg med gjenbrukbare rakettar, designaren som gjorde elbilen kul med Tesla Roadster, aktivisten som vil demokratisere kunstig intelligens med OpenAI, og samfunnsarkitekten som vil eliminera rushtida med smarte tunnelar.

Andre visjonar er om mogeleg større. Med selskapet Neuralink vonar Musk å smelte saman hjernen og datamaskina. Med transportsystemet Big Falcon Rocket planlegg han å gjera menneskeætta multiplanetær; ved å kolonisere Mars. Viss ein framand sivilisasjon kjem til å samanfatte Homo sapiens om ein million år, er det slikt den vil fokusera på, ikkje sosiale manerar.

Dei fleste paradigmeskifte har skjedd i kjølvatnet til viktige leiarfigurar, som borgarrettsforkjemparen Martin Luther King jr. og kvinnesakspioneren Susan B. Anthony. Begge var kultfigurar før dei fekk allmenn aksept. Det er den intellektuelle bodskapen som avgjer om personen er positiv eller negativ for samfunnet, ikkje kultstatusen i seg sjølv.

Musk sitt viktigaste mål er å gjere verda meir uavhengig av fossile energikjelder. Kort sagt vil han at me skal generere elektrisiteten på taka våre, lagre den i batteri på veggen, og bruke den i bilane våre.

Myksvoll samanfattar at Musks rikingromanse med følgjarane sine, må ta slutt. Viss noko er Musk sitt hjarte nær, så er det ei fossilfri energiframtid. Den romansen må for all del ikkje ta slutt.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg