Dei store partia tapar for dei små. Det kan dei takka seg sjølve for.

Valet sette småpartia i førarsetet. Det er delvis takka vere sjenerøs statsstøtte frå Stortinget.

MAKT: Stortingspolitikarane har makt til å påverka kor mange valdistrikt parti som MDG, Kystpartiet, Partiet de kristne (Pdk), Tverrpolitisk folkevalde og Fedrelandspartiet stiller lister i, skriv Torill Stavenes. Vidar Ruud / NTB scanpix

Debattinnlegg

Torill Stavenes
Statsvitar, PhD

INNSENDAREN: Torill Stavenes har doktorgrad i statsvitskap og har forska på effektane av partistøtta. Privat

I valet førre månad storma småpartia fram, og Miljøpartiet dei grøne (MDG) vart ein av dei store vinnarane. Ny forsking syner at statsstøtta, som sjenerøst drys pengar over partiorganisasjonar som oppnår røyster på anten kommunalt, fylkeskommunalt eller nasjonalt nivå, formar valdeltakinga til småparti etablerte etter 1980.

Stortingspolitikarane, som forvaltar statsstøtteregelverket, har difor makt til å påverka kor mange valdistrikt parti som MDG, Kystpartiet, Partiet de kristne (Pdk), Tverrpolitisk folkevalde og Fedrelandspartiet stiller lister i. Korleis går det til?

Mitt doktorgradsprosjekt, som er det fyrste som i detalj utforskar korleis statsstøtta påverkar organisasjonane til partia den finansierer, syner at statsstøtta først formar talet på tilsette i småparti.

For det andre medverkar både statsstøtta og dei tilsette personane til at desse småpartia greier å stilla lister til val.

At statsstøtta er så viktig for dei minste spelarane i partisystemet vårt, fôrar ein allereie livleg fagdebatt som drøftar om partia, tradisjonelt sett på som frie og uavhengige organisasjonar, blir for avhengige av statleg støtte og for styrte av reguleringane som følgjer med.

Denne debatten er særskilt påtrengjande all den tid europeiske partiorganisasjonar får meir enn halvparten av inntektene sine frå staten. For norske, nye småparti er denne prosentdelen mykje høgare.

Den kvalitative undersøkinga mi viser at småparti jamt over tilset personale så fort dei aukar inntekta si frå statsstøtta, noko som i sin tur styrkjer desse partia sine organisasjonar. Ikkje overraskande blir dei same partia tvinga til å kutta talet på tilsette så fort dei får mindre (eller misser) statsstøtte. Dei som ikkje når kravet for å få støtte, tilset ingen.

MDG tilsette til dømes éin person midlertidig i ei deltidsstilling i 1994, kort tid etter at dei fyrste overføringane av statsstøtte vunne lokalt var overført til det nasjonale nivået.

Då partiet seinare, først i 1995, seinare frå 2006 og utover, auka inntektene sine frå staten, auka partiet stillingsprosenten til tilsette og talet på tilsette. Kystpartiet tilsette også midlertidig personale i deltidsstillingar i 2006, då den nasjonale partiorganisasjonen for fyrste gong fekk tilgang til statsstøtte.

I strid med det som blir hevda i faglitteraturen synest det ikkje som om statsstøtta medverkar til å gjera partia uinteresserte i medlemene sine, snarare tvert imot. Dei fleste småpartia vel nemleg å tilsetja organisasjonskonsulentar, som jobbar med å pleia medlemer og fylkes- og kommuneorganisasjonane, når dei tilset personale.

Fleire av partia prioriterer også å behalda organisasjonskonsulentane lenger enn tilsette i politisk orienterte stillingar når dei kuttar tilsette. Statsstøtta medverkar difor til å styrkja små og sårbare partiorganisasjonar ved å sikra tilsetjing av personale, som igjen sikrar betre kontakt mellom det nasjonale partileddet og medlemene.

Forskinga syner så at statsstøtta – og tilsette betalt for ved hjelp av statsstøtta – er to sentrale resursar for å sikra at småpartia greier å stilla lister til val.

Statsstøtte vart av både MDG og Pdk brukt til å byggja organisasjonen, noko som i sin tur gjorde at PdK stilte liste i alle fylke i fylkestingsvalet i 2015, og MDG fleire lister enn tidlegare i stortingsvalet i 2009.

Statsstøtta og dei tilsette vart til dømes brukt til å etablera nye, lokale partikontor, styrkja eksisterande partikontor og til å skulera lokale partirepresentantar.

I andre parti, slik som i Kystpartiet før fylkes- og kommunevalet i 2015, førte nedgang i talet på statsstøtte til tap av tilsette, noko som igjen påverka medlemspleien negativt.

I konsekvens førte dette til tap av medlemer og sentrale tillitsvalde, noko som gjorde at partiet stilte lister i færre fylke.

Samla sett syner funna at statsstøtta innverkar på organisasjonsbygging i nye småparti, og desse partia si evne til å stilla til val. Forskinga kastar difor ljos over kvifor nokre parti var å finna på valsetelen i dette valet – medan andre har blitt borte sidan sist val.

Sist, men ikkje minst illustrerer funna at våre folkevalde på Løvebakken har makt til å forma det partisystemet dei sjølve er ein del av, noko som er nok eit bidrag til den prinsipielle debatten om korleis demokratiet vårt fungerer.