Gløym flyskam. Ta ansvar!

Å gje folk skamkjensle fører ikkje til noko godt.

NAIVT: Det er kortsiktig, naivt og farleg å berre sjå på utslepp frå ein sektor, som «flyskam» legg opp til. Då villeier folk til å tru at alt er greitt så lenge dei flyg mindre, skriv Gunnar Garford (biletet). Privat

Gunnar Garfors
Journalist, forfatter og globetrotter

I BT 14.05 hevdar Mathias Juell Johnsen at eg bortforklarer eigen oppførsel ved å peike på andre sin. Dette baserer han i hovudsak på overskrifta til innlegget på NRK Ytring, og diverre ikkje på innhaldet. Å bortforklare eiga reising har eg verken gjort eller følt behov for å gjere. Eg flyg mykje og eg forureinar deretter, ingen siviløkonom trengst for å forklare det. Men «flyskam» føler eg ikkje. Det er det fleire grunnar til.

For det første meiner eg at å gje folk skamkjensle ikkje fører til noko godt, heller ikkje i moderne tid. I verste fall lammar skam folk frå å handle i det heile. Derimot bør folk ta ansvar for sine handlingar, både dei gode og dei dårlege, og det kan vi berre gjere om vi har kunnskap og ser på heilskapen.

Det er dessutan kortsiktig, naivt og farleg å berre sjå på utslepp frå ein sektor, som «flyskam» legg opp til. Då marginaliserer ein utsleppa frå andre sektorar, og villeier folk til å tru at alt er greitt så lenge dei flyg mindre.

Les også

Les innlegget som Garfors reagerer på: «Ikke bare skam deg. Gjør noe!»

Om vi legg ned eit verdsomspennande forbod mot flyging i morgon, vil det ha liten effekt. Flyindustrien står for beskjedne 1,9 prosent av verdas CO₂-utslepp, om lag det same som internett.

Sett i eit overordna perspektiv står fabrikkprodusert kjæledyrmat for 2,8 prosent og tekstilproduksjon for 3,5 prosent, medan sement og stål står for knappe 7 prosent kvar. Og la meg ikkje gløyme fiske- og kjøtmat med sine 7,4 prosent, eller privatbilar som står for nesten 10 prosent. Verst er likevel verdas forsvar som til saman slepp ut 13,5 prosent.

For å seie det på ein annan måte: Ei gjennomsnittleg flyreise slepp ut 110 kilo CO₂ pr. passasjer, medan ein Tesla eller ein mindre bil gjennomsnittleg står for 3 tonn CO₂ i året. Med andre ord slepp 27 flygingar i året ut det same som eit bileigarskap (54 flygingar om bilen er ein SUV). Eller 20 flyturar, samanlikna med ein gjennomsnittleg hund.

Enno verre er det å bygge hus i betong, murstein og stål, for eit slik hus er skuld i over 50 tonn CO₂. I Noreg bygger vi heldigvis stort sett i miljøvenleg tre. Men så representerer vi samla sett berre James Bond-aktige 0,07 prosent av verdas innbyggarar. Kanskje kan Arthur Buchardt si 18 etasjar høge treblokk i Brumunddal opne opp for klimanøytrale høghus.

Eg reiser ekstremt mykje av fleire grunnar. Mellom anna for å skrive bøker som «Ingenstad», om stadar veldig få menneske kan eller vil reise til, men som det er viktig at vi får eit anna perspektiv på enn det vi får gjennom daglege nyhende. Det er også viktig av humane grunnar, akkurat som Juell Johnsen sitt arbeid for Legar utan grenser.

Eg og mange med meg må reise mindre med fly, og når vi først reiser så må vi velje reisemåla våre meir bevisst. Vi bør primært reise for å bli kjent med andre kulturar og nye menneske, ikkje berre for å slappe av i sola på luksushotell.

Dette vil kanskje ikkje ha umiddelbart effekt på klimaet. Men kva vil skje med verda om vi sluttar å reise heilt, sluttar å møte menneske med andre perspektiv, sluttar å prøve å forstå «den andre sida» og berre baserer kunnskapen om andre land og kulturar på det vi les og høyrer i media? Det vil neppe føre til auka felles forståing, konfliktreduksjon eller nedrusting.

Les også

BT-journalistens personlege historie: «Lei av flyskam? Få flyskrekk i staden!»

Om alle hadde floge like mykje som meg, hadde klimakrisa vore endå meir prekær. Men kva om alle husstandar i verda hadde hatt to bilar, båt, hytte og hus? Om alle hadde ete avokado til fredagstacoen? Om alle land hadde pumpa opp like mykje olje som oss? Eller om alle land hadde rusta opp like mykje som NATO-landa?

At vi stillteiande aksepterer ei auke i Noreg sitt forsvarsbudsjett på 40 prosent, utan eingong å stille spørsmål ved kva det vil ha å seie for klimaet, er absurd. Verda har knapt vore fredelegare nokon gong, og likevel skal Nato ruste opp? I staden for å legge press på politikarane, høgg vi heller hovuda av kvarandre i kommentarfelta på nettet. Både verdas forsvar og petroleumsnæringa er i høgste grad relevante i denne debatten. Ansvarsfråskrivinga er det einaste som er skammeleg i klimakrisa.

Skam har aldri vore spesielt effektfullt. Derimot vonar eg at både Juell Johnsen og du som les dette tek ansvar ved å kutte i alle typar utslepp og også ved å bruke røysteretten. Klimakrisa må løysast gjennom heilskapleg tenking og reduksjon innan alle sektorar. Også i flybransjen.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg