Norsk tryggleik mot framtidig terror

Takk til regjeringa som har vedteke og arbeidd for at norske born i Al-Hol leiren kan bli henta heim.

Publisert Publisert

FORSVARER HEIMHENTING: Frp tar feil om handteringa av IS-kvinnene, meiner Trude Brosvik (KrF). Foto: Tor Høvik

Debattinnlegg

  • Trude Brosvik
    Gruppeleiar i Vestland KrF
  1. Leserne mener

Operasjonen skjer i samsvar med dei internasjonale avtalane vi har underteikna, og med respekt for det vi trur er barnets beste, respekt for familieband og ei vurdering av kva som er mest tryggleiksrisiko for Norge.

Frp seier og hevdar, som einaste parti så langt eg veit, at faren for terror aukar ved at mor til barna blir henta heim.

Men er det ikkje større grunn til å tru at hatet mot Norge og norske verdiar ville styrke seg hos norske born som vaks opp i den fryktelege flyktningleiren? Dei er norske statsborgarar, og kunne reise til Norge på eiga hand. Både barna og mora kunne fritt kome inn i Norge, om dei kom seg ut av leiren, og ut av Syria. Ville ikkje då tryggleiksrisikoen vore større?

Eg går ut frå at det er slik andre land har tenkt, til dømes både USA og Frankrike, sidan dei har henta heim fleire framandkrigarar.

Les også

Ropstad: Ikke grunnlag for nye Frp-krav

Eg trur Frp tar feil, og at dei formulerer seg ut frå kva forventningar veljarane deira har og kva som tener eige parti, framfor å ta langsiktige og gode val for det landet dei er sette til å styre. Så takk til Høgre, KrF og V, som trass i varslar om regjeringskrise har valt å gjere vedtak og å stå i det.

At eit regjeringsparti trur dei bør lønast for at dei bryt ut av det fleirtalet i regjeringa bestemmer, er ein rar logikk. Det kan godt hende regjeringspartia treng fleire «blanke sigrar», men når ytterpunkta, politisk sett, er i same regjering, så må det vere vanskeleg å få til.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg