Få bussen fram nord i Åsane

DEBATT: Me ynskjer eit alternativ som prioriterer kollektivtrafikken og ei betre løysing for sykkel og gonge.

Vi skulle ynskje at det var SV si forteneste at motorvegen ikkje er bygd, men realitetane er at verken Høgre og Frp i regjering prioriterte den, skriv Marthe Hammer. Eirik Brekke

Debattinnlegg

Marthe Hammer
Nestleiar utval for miljø og samferdsle, Hordaland fylkesting (SV)

Jørund Vandvik vier SV merksemd i sitt innlegg 24. april, men han tek feil på vesentlege punkt. SV har aldri vore for Statens vegvesen sine greidde ut dagalternativ, fordi alle er 4-felts motorvegar som legg beslag på store areal vil rasera jordbruk, natur og friluftsområde.

Me ynskjer i staden eit alternativ som inneheld tofeltsveg og prioritering for kollektivtrafikken og ei betre løysing for sykkel og gonge. Sidan SV ikkje har fått fleirtal for å greie ut dette, veit vi heller ikkje eksakt trase eller kva det vil koste. Men basert på erfaringa med kollektivfeltet på Eikås, så veit vi at effektive tiltak kan gjennomførast mykje billegare og tidlegare, enn å vente på ein ny 4-felts motorveg til fleire milliardar.

SV er oppteken av å betre situasjonen i dag. Derfor har vi gjennom ny sonestruktur og fleire avgangar gjort det billegare og lettare å ta bussen frå Nordhordland. For kvar bil vi får fjerna, jo betre er det for bebuarane i dag, ikkje om 10 år.

For heile Åsane er realiseringa av Bybanen til Åsane og Nyborg viktigast. Det vil vere ei enorm oppgradering av kollektivtilbodet og eit lyft for heile bydelen.

Vi skulle ynskje at det var SV si forteneste at motorvegen ikkje er bygd, men realitetane er at verken Høgre og Frp i regjering prioriterte den, Statens vegvesen sin ringveg aust utgreiing utsette den, for ikkje å nemne at fleirtalet har prioritert E39 Hordfast framfor denne.

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg