Frå ein dag til neste har eg mista heile inntekta

Det er ingen vits å gå til Nav. Det finst ingen sikkerheitsnett for oss.

Publisert Publisert

Linda Børnes og dei fleste av kollegaene hennar står no uten arbeid og inntekt på ubestemt tid. Foto: Eirik Brekke

Debattinnlegg

  • Linda Børnes
    Manager og produsent
  1. Leserne mener
iconDenne artikkelen er 20 dager gammel

Informasjonen i artikkelen kan være utdatert. Gå til vårt livesenter for siste nytt om korona-utbruddet.

-> Gå til livesenteret

Eg har i snart 20 år jobba i kulturbransjen som produsent og manager. I stallen min, som det heiter, har eg mange artistar som lever som meg, altså som frilansarar.

Finn Tokvam, Bjarte Hjelmeland, Frode Grytten. For å nemne nokre.

I løpet av den siste veka har alle inngåtte, pågåande og framtidige oppdrag forsvunne. Både mine og artistane sine.

Oppdrag for institusjonar, konsertscener, turnear. Oppdrag for næringsliv, offentlege arrangement, private event, konferansar, føredrag, jubileum, festivalar. Over heile linja.

Les også

Koronautbruddet direkte

I tillegg er framtida så usikker at det sjølvsagt ikkje kjem inn nye førespurnader, eller konkrete oppdrag. Det er også umogeleg å leggje kreative planar for framtidige arrangement eller produksjonar.

Alt er sett på vent. Næringsgrunnlaget i sin heilskap er borte.

Dette gjeld ikkje berre meg og «mine», men alle kollegaene mine; teknikarar, lys- og lyddesignarar, musikarar, forfattarar, skodespelarar, sceneteknikarar, produsentar. Alle som tilbyr kulturtenestene sine gjennom enkeltmannsføretak.

Mange store, viktige næringar er sterkt ramma, det er eg fullt klar over. Eg som alle andre, følgjer nyheiter på TV, radio og podkast tidleg og seint. Permitteringar, oppseiingar, arbeidsløyse. Stort alvor.

Kva er det som skil akkurat vår situasjon frå alle desse fokusgruppene? Jau, me er ikkje berre permitterte, eller arbeidsledige. Det kjem i praksis ikkje ei einaste krone inn på kontoen vår. På ubestemt tid. Og det er ingen vits å gå til Nav. Det finst ingen sikkerheitsnett for denne gruppa.

Eg går frå ei årsinntekt som eg kan leve heilt greitt med, til nullinntekt. Frå ein dag til neste. Det er så forbaska ein-til-ein.

Ironisk nok skulle eg i neste veke halde eit føredrag på Litteraturhuset om fordelane med å arbeide som frilansar, om å vere dagleg leiar i eiga kulturnæring.

Eg sette stor pris på invitasjonen frå Tekstallianse, og gledde meg til å dele røynsler og i beste fall inspirere.

Les også

Ny podkast: Hva gjør koronaviruset så spesielt?

Det er unødvendig å fortelje at arrangementet er avlyst. Men innhaldet, det eg skulle ha snakka om, lever framleis i beste velgåande. Eg har framleis trua på måten å jobbe på, og veit at kulturnæringa er heilt avhengig av tenestene me tilbyr og måten me er organiserte på.

No håpar eg berre at myndigheitene også ser det. At å utsetje forskotsskatten vår (som er det konkrete tiltaket som er nemnt), ikkje blir tilstrekkeleg viss nasjonen ynskjer seg eit levande kulturliv også etter pandemien. Så dette er ei bøn på vegner av alle i same situasjon som meg.

Og eg? Jau då, eg skal klare meg. Eg har berre meg sjølv og katten å fø på. Eg er frisk og i gang med nokre idear om korleis kulturaktørar likevel kan bidra i månadane framover.

Gjengen min kjem ikkje til å slutte å underhalde. Men då treng me hjelp.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg