Forby reklame for kjøtt og flyreiser

Det hjelper ikkje klimaet at eg stadig får reklame for billig kjøtt, flyreiser og klede laga av plastikk.

Publisert Publisert

FLYREKLAME: Eg er ikkje aleine om å synest det er vanskeleg å endre måten eg reiser på , skriv Pauline Tomren. Foto: Foto: Paul Richard Johannessen

Debattinnlegg

  • Pauline Tomren
    Fylkesleiar i Grøn Ungdom Vestland og 3. kandidat til fylkestinget for MDG
  1. Leserne mener

Vi veit at forbruket vårt av kjøtt, flyreiser og klede gjer store øydeleggingar på naturen. I Noreg forbrukar vi så mykje at vi hadde trengt ressursane til tre jordklodar, viss alle skulle kjøpt og reist like mykje med fly som oss.

Eg er ikkje aleine om å synest det er vanskeleg å endre måten eg reiser, kjøper og et på. Og det hjelper ikkje at eg heile tida får reklame for billeg kjøtt, flyreiser og klede laga av plastikk.

Les også

Les også innlegget til Susanne Ulven Børsum (Unge Høyre): «Grønn Ungdom kveler kapitalen»

Grøn Ungdom bestemte nyleg at vi har lyst til å forby reklame for flyreiser og kjøtt. Det kan hjelpe oss å leve meir miljøvenleg. Samtidig må vi gjere informasjon om korleis leve miljøvenleg lettare tilgjengeleg. Det må bli lettare å finne ut korleis ein kan reise med tog og buss i Noreg og Europa.

Klimakrisa er eit felles ansvar som politikarar, næringslivet og vi som privatpersonar må ta del i. Ein god plass å starte, er å gjere det enklare å ta miljøvenlege val.

Publisert
Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg