Erna Solberg som Noregs Merkel

DEBATT: Klimaet treng meir enn symbolseire i ei ny regjering. Det vi treng er eit norsk «energiewende» og ein norsk Angela Merkel. Det kan bli Erna Solberg.

Publisert Publisert

NY MERKEL: Erna Solberg må se til den konservative Angela Merkel, ikke sosialdemokraten Jens Stoltenberg. Foto: Elias Dahlen

ENERGIEWENDE: Angela Merkels regjering omstiller frå fossil til fornybar energi.

Debattinnlegg

  • Lars-Henrik Paarup Michelsen
    Dagleg leiar i Norsk Klimastiftelse
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

I sonderingsstamtalane mellom Høgre, FrP, KrF og Venstre bør ambisjonane strekke seg langt over symbolsaker som Lofoten, Vesterålen og Senja. Vi treng eit overordna skifte – og ein statsminister som tek regien.

Fossilfri fremtid

I slutten av september legg FNs klimapanel (IPCC) fram første del av sin neste hovudrapport. I følgje modellane som er brukt i denne rapporten vert togradarsmålet – med dagens utsleppstakt – passert ein gong mellom 2025 og 2050. Skal vi avverje ei klimakrise ute av kontroll må verdssamfunnet klare å forsere utfasinga av fossil energi. Når Erna Solberg no skal gi sitt svar på korleis eit oljedopa Noreg skal posisjonere seg for ei fossilfri framtid, kan ho velje mellom to ulike strategiar: den Stoltenbergske eller den Merkelske.

Jens Stoltenbergs strategi i klimapolitikken har vore å akseptere og formidle klimakrisas store alvor, men å planlegge ut frå ei forventning om at etterspurnaden etter norsk olje og gass vil halde fram med å stige i fleire tiår til, langt utover togradarsmålets tåleevne. Stoltenberg har aldri sett behovet for ein overordna grøn klima— og energistrategi, og det ber politikken tydeleg preg: Noreg gjer ein kjempeinnsats i internasjonale klimaforhandlingar, men manglar vilje til å redusere nasjonale CO2-utslepp fort nok. Vi gir midlertidig vern til Lofoten, men seier samtidig ja til oljeboring langs iskanten i Barentshavet. Vi støttar USA som ikkje lenger vil finansiere bygging av nye kullkraftverk i utlandet, men investerer sjølv milliardar av kroner i kull gjennom oljefondet. Og vi seier nei til nye fornybarnæringar som havvind fordi det er «for dyrt», men bruker hundrevis av millionar i året på ein mislykka «månelanding» på Mongstad.

Å vidareføre ein nasjonal politikk som veddar på klimakatastrofe, vil vere like økonomisk risikabelt som det er umoralsk.

Følg Angela

Angela Merkels strategi derimot er å vise at Tyskland tek klimakrisa på alvor gjennom handling. Under Merkels leiarskap har Tyskland satt i gang klodens mest ambisiøse energirevolusjon, «Die Energiewende». Landet har gått frå 10 prosent fornybar straum i 2005 til 23 prosent i 2012. Målet er minst 35 prosent innan 2020 og 80 prosent innan 2050. Med storstilt fornybarutbygging har Tyskland ikkje berre gjort sin eigen straumproduksjon reinare, dei har blitt verdas utstillingsvindauge for grøn omstilling og bidrege stort til den enorme kostnadsreduksjonen på solceller og vindmøller dei siste åra.

Erna Solbergs første regjering bør difor følgje den konservative Angela Merkel i klima- og energipolitikken, ikkje sosialdemokraten Jens Stoltenberg. Å vidareføre ein nasjonal politikk som veddar på klimakatastrofe, vil vere like økonomisk risikabelt som det er umoralsk.

KLIMA: Lars-Henrik Michelsen er nestleiar i Norsk Klimastiftelse. Foto: Rune Meyer Berentsen

Grøn omstillingEit norsk «Energiewende» må innebere at alle deler av regjeringas politikk vert justert i tråd med klimapolitikkens togradarsmål. Det vil bety nei til nye olje— og gassprosjekt som er avhengig av svært høge oljeprisar for å vere lønsame, støtte til nye fornybare næringar, ein grønare profil på det statlege eigarskapet, redusert fossile eksponering av oljefondet, eit klimavenleg skatte- og avgiftssystem, ein meir offensiv satsing på forsking og utvikling m.m. Kvar statsråd må bli gjort ansvarleg for at Noreg - på alle sektorar – posisjonerer seg riktig i høve til lågutsleppssamfunnet. Men utan at det overordna ansvaret vert pulverisert. Der Stoltenberg aksepterte at den norske regjeringas offisielle politikk levde i ein evig spagat mellom klimavenlege Solhjell og fossilvenen Borten Moe, bør Solberg ta den overordna styringa sjølv. Klima- og energifeltet i Noreg skrik etter retning og leiarskap.

Om Solberg-regjeringa ikkje klarar å samle seg om eit overordna grønt omstillingsprosjekt, vil det for KrF og Venstres representantar bety same lagnad som den SV opplevde etter valet i 2005: eit liv som deltakarar i eit klimapolitisk nullsumsspel med nokre sigre her og nokre tap der. Blir det alternativet Knut Arild Hareide og Trine Skei Grande står igjen med etter sonderingssamtalene i Nydalen, kan sentrumspartia – for klimaets skuld – like gjerne bli ein del av Solberg-regjeringas opposisjon. Ein grøn opposisjon.

Følg BTmeninger på Facebook !

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Hun sier gjentatte ganger: «Du må ikke se ned. Du må ikke se ned, Morten» ... Men jeg har allerede sett det.

Morten Furre (49) havnet i en alvorlig ulykke sensommeren 2018. Dette er historien fortalt av ham selv og de som reddet…

Sakene flest leser nå

  1. Storbritannia: – Viruset er ute av kontroll

  2. Derfor lyste mange bygg i Bergen rødt

  3. Polititeori om drapet i Åsane: Kvinnen kan ha blitt kvalt

  4. – Er det så farlig å bli spurt hvor man kommer fra?

  5. Fra benken til Milan på to år: Slik reagerer gamle­treneren på komet­karrieren

  6. Fra torsdag morgen gjelder en ny parkeringsregel i Bergen

Din mening betyr noe
I BT trenger du ikke å være ekspert eller politiker for å slippe til. Skriv om det du har på hjertet! Skriv et innlegg