Då brukt blei til vintage

Når blei det så utruleg dyrt med brukte klede?

Kva er eigentleg skilnaden mellom «brukt» og «vintage»? spør Svanhild Bøe.
  • Svanhild Bøe
    Student og journalist
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Er det noko det er flust av på Tiktok om dagen, så er det haul på haul på haul av vintage klede. Populært er det blitt, og bølgja av bruktklede kjem til å vekse seg endå større.

Eg skulle gjerne hengt meg på, hadde det ikkje vore for at det bokstaveleg talt kostar skjorta om eg skal ha ei ny, men brukt skjorte.

Når blei det så utruleg dyrt med brukte klede? Før drog ein på Fretex og UFF for å kjøpe klede for ein billig penge. No må ein jo punge ut med 500 kroner for ein brukt genser som var populær for ti år sidan! Kva er greia?

Og kva er eigentleg skilnaden mellom brukte klede og vintage klede? Brått endra ein frå billeg og brukt til kjempedyrt og vintage. Begge deler er jo brukt? Det å kalle fjorårets kolleksjon frå Cubus for vintage er vel å dra det litt langt, eller?

Les også

Helthjem og Wolt satser på superrask levering av bruktvarer

Jau då, eg forstår at ekte vintage er noko anna. Det har ein verdi, og for nokre folk er det verdt å bruke månadsløna på den dritkule jakka, eller den gamle, men trendy buksa. Men likevel?

Hugs at desse klesplagga har andre folk brukt før deg. Andre folk har sveitta, skitna dei til, og for kva? For at ein skal bruke opp mot tusenlappen på plagget.

Eg skulle så gjerne vore med på denne trenden, og tru meg, eg har prøvd. Eg har møtt opp på loppemarknad, saumfara vintage- og bruktbutikkar for skjulte skattar og reist på tallause pop-ups.

Finn eg noko? Å ja da, det gjer eg absolutt. Tar eg meg derimot råd til det? Sjeldan. Det endar som oftast med at eg heng det tilbake.

Men kor fint hadde det ikkje vore om slike vintageklede kunne sirkulert meir blant folk igjen? Å få æra av å gå med ein ekte antikvitet som har vore så godt bevart i så mange år! Det hadde vore noko, det!

Det ser dessverre ikkje ut som det kjem til å skje. Ja, ja, viss ein får seld gamle filler for mykje meir enn dei er verd, ville eg også gjort det.

Teksten blei først publisert i Studvest.

Publisert: